Cindy Nelson
Cindy Nelson | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 19. august 1955 (69 år) Lutsen Township |
Yrke | alpinist |
Cindy Nelson på Commons |
Cynthia Lee Nelson, kjend som Cindy Nelson, (fødd 19. august 1955) er ein USA-amerikansk tidlegare alpin skirennar frå Lutsen i Minnesota som vann bronsemedaljen i utfor under Vinter-OL 1976, og tok VM-sølv i kombinasjon i 1980, og i utfor i 1982.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Nelson fekk sitt gjennombrot då ho vann eit utforrenn i verdscupen i alpine greiner i sveitsiske Grindelwald den 13. januar 1974. Ni år seinare tok ho sin sjette og siste rennsiger i verdscupen, fordelt på tre i utfor og ein kvar i storslalåm, kombinasjon og i super-G. 15 av i alt 25 pallplasseringer kom i yndlingsgreina utfor.
Etter ein 11. plass i slalåm i VM i alpine greiner 1974 i St. Moritz, vann Nelson bronsemedaljen i utforrennet under Vinter-OL 1976 i Innsbruck. I dei neste to meisterskapane, alpin-VM 1978 i Garmisch-Partenkirchen og Vinter-OL 1980 i Lake Placid vart ho høvesvis nummer og sju i utfor-tevlingane. I lag med pene plasseringar i OL-slalåm og storslalåm i Lake Placid enda då Nelson opp med sølvmedaljen i kombinasjonen, ei tevling som ikkje stod på OL-programmet, men FIS-programmet.
Nelson vann sølvmedaljen i utfor då VM i alpine greiner 1982 vart arrangert i Schladming, einast kanadiske Gerry Sorensen rann fortare. Etter svakare plasseringar i 1984- og 1985-sesongane, la Nelson opp våren 1985.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Cindy Nelson» frå Wikipedia på engelsk, den 20. desember 2014.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1955
- Alpinistar frå USA
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1976
- USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1976
- Alpinistar under vinter-OL 1976
- USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1980
- Alpinistar under vinter-OL 1980
- USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1984
- Alpinistar under vinter-OL 1984