[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Coalburn

Koordinatar: 55°35′N 3°54′W / 55.583°N 3.900°W / 55.583; -3.900
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Coalburn

Plassering
Coalburn is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region South Lanarkshire
Tradisjonelt grevskap Lanarkshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

1 247
Koordinatar 55°35′N 3°54′W / 55.583°N 3.900°W / 55.583; -3.900
Diverse annan informasjon
Commons har multimedium som gjeld: Coalburn

Coalburn er ein landsby i regionen South Lanarkshire i Skottland. Han har kring 1200 innbyggjarar. I nærleiken av Coalburn ligg landsbyane Auchlochan, Bankend og Braehead.

Veg nær Coalburn.

Busetnaden utvikla seg i lag med kolgruvene her, som blei drivne frå kring 1840 til den siste underjordiske gruva blei stengd i juli 1968. Seint på 1980-talet blei det opna eit dagbrot som blei den største slike gruva i Vest-Europa tidleg på 1990-talet.[1] British Coal, som dreiv gruva, blei oppløyst i 1997, og gruvedrifta enda.[2] I staden er det utvikla vindraft i området, med Hagshaw Hill bygd som det fyrste kommersielle vindkraftverket i Skottland 1995.[2]

  1. «Jim Hamilton Heritage Society - Coalburn», www.coalburnheritage.org.uk, henta 13. oktober 2023 
  2. 2,0 2,1 «Jim Hamilton Heritage Society - Windfarms», www.coalburnheritage.org.uk, henta 13. oktober 2023