Épernay
Épernay | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Champagne-Ardenne Marne |
Geografi | |
Flatevidd | 22,69 km² |
Flatevidd - By |
22,69 km² |
Innbyggjarar - By (2004) - folketettleik |
26 000 1 145/km² |
Koordinatar | 49°02′N 03°57′E / 49.033°N 3.950°E |
Høgd over havet | 72 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) |
Diverse anna | |
Postnummer | 51200 |
Heimeside: www.epernay.fr |
Épernay er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Marne i regionen Champagne-Ardenne og har om lag 25 000 innbyggjarar.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Épernay ligg 140 km nordaust for Paris langs jernbanelinja til Strasbourg. Byen ligg ved den venstre breidda til Marne i enden av den vakre Cubrydalen som kryssar han.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Épernay (Sparnacum) høyrte til erkebiskopane av Reims frå 400- til 900-talet, då han kom inn under grevane av Champagne. Han vart hardt råka under Hundreårskrigen og vart sett i brann av Frans I i 1544. Byen stod imot åtak frå Henrik av Navarre i 1592, og Armand de Gontaut fall under åtaket som gjorde at byen til slutt vart erobra. I 1642 vart byen, i lag med Château-Thierry, oppgradert til hertugdøme og overført til duc de Bouillon.