Ukrainsk kultur
Ukrainsk kultur er den materielle og andelege overleveringa til ukrainiarar som er blitt danna i løpet av ukrainsk historie. Kulturen er prega av Ukraina si stilling som eit grenseland mellom Russland i aust og Europa i vest. Ukrainarar fører gjerne historia og kulturen sin tilbake til Kievriket som oppstod på 800-talet.[1]
Sjølv om landet ofte har kjempa for å verna om sjølvstendet sitt,[2] har folket halde på dei kulturelle overleveringane sine og er stolte av den betydelege kulturelle arva si. Talrike forfattarar har bidratt til litteraturhistoria i landet, som Taras Sjevtsjenko[3] og Ivan Franko.[4] Den ukrainske kulturen har opplevd ein betydeleg gjenvokster[5] sidan landet fekk sjølvstende i 1991.
Moderne ukrainsk kultur blir rekna som ein etterfølgjar av det gamle Kievriket med sentrum i Kyiv og av Kongeriket Galicia–Volhynia. Ukrainarar reknar begge som sine historiske forløparar.[6][7] Ukrainarar deler mykje kultur og historie med nabonasjonar, som kviterussarar og russarar.
Tradisjonell husflid, broderi og bygdearkitektur er avgjerande for ukrainsk kultur. Elementa i desse verka har ofte blitt fastlagde av ressursane som var tilgjengelege på den tida. Den sterke tradisjonen i landet for folkekunst og broderi har fortsett til i dag, og ukrainsk broderi blir ofte sett på som ei kunstform i seg sjølv.
Ukrainske skikkar er sterkt påverka av ortodoks kristendom[8] og av tradisjona frå slavisk foketru.[9] Ukrainsk kultur har hatt stor innverknad frå andre austslaviske kulturar som russian og kviterussisk kultur.Sovjettida sameinte kulturane til mange ubeslekta nasjonar med eit felles språk og førte til at mange av dei sosialistiske republikkane tileigna seg ein felles kultur og identitet. [10]
Den ukrainske kulturen har måtta overvinna ei rekkje hindringer for å overleva og halda på originaliteten sin, sidan utanlandske makter og rike som har styrt over landet og folket der ofte implementerte politikk retta mot å assimilera den ukrainske befolkninga i si eiga befolkning, i tillegg til å prøva å utrydda og reinska element av kulturen. Til dømes utgjorde russifiseringspolitikken som fyrst byrja på 1700-talet betydelege hindringer for utviklinga av kulturen.[10]
Medan Ukraina har omfamna moderniteten, har det òg blitt verande eit svært tradisjonelt land, der det å halda på visse skikkar spelar ei sentral rolle i kulturen til landet. Mange viktige ukrainske høgtider og hendingar er baserte på den gamle julianske kalenderen og skil seg derfor frå dei gregorianske motstykka sine.[11] Desse omfattar jul og nyttår, som begge har stor tyding i ukrainsk kultur.[12]
Skikkar
Høgtider og feiringar
Sosiale samkome som vetsjornytsi har ei lang historie i ukrainsk kultur, og det same gjer tradisjonelle høgtidar som Ivan Kupala-dagen, maslenitsa, koljaduvannja og malanka, der folk samlar seg i store grupper.
Bryllaup
Tradisjonelle ukrainske bryllaupsfeiringar har mange ritual som involverer musikk og dans, drikking og spising, og samlingar av folk. Bryllaupet består av tre separate delar som kan vara i dagar eller til og med veker. Først er det ei truloving, deretter ein vigselsseremoni, og så følgjer ei stor feiring. Trulovinga inneber at brudgommen går til brura sine foreldre for å forhandla om «løysepengar» eller ein brurepris han vil betala for bruda og for å be om signinga deira. Det finst mange soger i ukrainsk folkeminne om ei brur som blir stolen utan at brudgommen betaler løysepengar. Ofte er den stolne brura ein villig deltakar, og paret stikk av utan løyvet til foreldra. Eventuelt kan brura avslå eit tilbod om ekteskap, i så fall er det vanleg at foreldra møter brudgommen ved døra med eit graskar for å formidla bodskapen. Etter at dei har komme til semje, finn det offisielle bryllaupet stad i ei kyrkje, ofte i ein gruppeseremoni med andre par. Deretter følgjer ei feiring heime med heile samfunnet som deltar.[13]
Utdanning
Språk
Hovudspråket til ukrainarar er ukrainsk. Mange ukrainarar snakkar også russisk, og rundt 30 % har det som morsmål.[14][15]
Religion
Religionen i landet er prega av fleire former for kristendom. Ortodoks, orientalsk katolsk og romersk-katolsk kristendom er dei tre viktigaste formene. Den ukrainske ortodokse kyrkja[16] er det største kyrkjesamfunnet i landet.[17] Den ukrainske gresk-katolske kyrkja er den nest største, og følgjer bysantinske riter, men er ei særkyrkje innan den katolske kyrkja.[18]
Mat
Mat er ein viktig del av ukrainsk kultur. Det finst særskilde mattypar ein har til jul og påske. Til jul kan ein til dømes laga kutja, ein blanding av semulegryn, valmuefrø, honning, og ulike søte brød.
Eit typisk ukrainsk kosthald kan omfatta fisk, ost og ulike pølser. Sylte er også nokså utbreidd, og det same er pølsa kolbasa (ukrainsk Ковбаса́, Kovbasa). Brød er ein viktig del av nesten kvart måltid, og blir rekna som nødvendig for at eit måltid skal vera «fullstendig».[19] Til jul er det tradisjon å servera julemåltid med tolv rettar. Til påske lagar ein kjende pysanky, ei form for slavisk eggdekorasjon med farga og mønstra egg. Desse egga blir pynta i ein lang prosess, og blir brukte til pynt på bordet i staden for å etast.[20]
Ukrainarar kan ofte skåla for god helse og ha lange måltid med livlege samtalar. Ofte drikk dei te (chai), vin eller kaffi etterpå med ein enkel dessert, som bakverk med frukt. Populære matretter er salo, borsj,[21] Kiyv-kylling,[22] pierogi og pilaf.
Kunst
Arkitektur
Ukrainsk arkitektur gjenspeglar distinkte trekk ved den tilknytte staden og tidsperioden. Design og arkitektur er blitt påverka av det politiske og økonomiske klimaet i samtida.
Folkearkitektur
Ulike regionar i Ukraina har sine særeigne former for folkeleg arkitektur som byggjer på lokale tradisjonar og kunnskap overlevert gjennom generasjonar.[23] Museet for folkearkitektur og levesett i sentrale Naddnipryansjtsjyna ligg i Perejaslav. Friluftsmuseet omfattar 13 ulike særmuseum, 122 døme på nasjonal arkitektur og har over 30 000 historiske kulturelle gjenstandar.[24] Museet for dekorative verk er eit av dessse, og syner dekorativt handverk i samband med ukrainsk arkitektur. Dekorasjonar bruker gamle tradisjonelle designmønster.[25]
Ornamentikk og biletkunst
Ved spesielle høve blir alle aspekt av det vanlege livet forvandla til dekorativ kunstform for kunstnarisk uttrykk. Ornament- og designmotiv er gjennomsyra av symbolisme, religiøse ritual og tyding.[26] Frå illuminerte manuskript som Peresopnytske-evangelia[27] til dekorerte pysanky og vytynanky kan ein finna intrikate detaljar med gammal tyding. Mykje munnleg historie gjekk tapt i løpet av dei 300 åra då russifiseringa av Ukraina fann stad, og ukrainsk kultur og språk var forbodne.[28] Organisasjonar som Ivan Honchar Museum, Pysanka Museum og Det ukrainske museumet er skipa for å ta vare på historia. Ulike delar av Ukraina har sine eigne ornamentikktradisjonar med sine eigne variasjonar av stil og tyding. Ein kan finna døme i Petrykivka- måling, ornamental arkitektur, ukrainsk broderi og tekstilmotiv frå ulike historiske ukrainske regionar. Nokre av desse verka er tekne med på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.
Tradisjonelle klede
Den kjende broderte skjorta eller blusen vysjyvanka[29] er den best kjende delen av ukrainsk nasjonaldrakt, og har tilmed sin eigen feiringsdag i mai.[30] Tradisjonell drakt for menn inkluderer òg kozjukh, kontusz, żupan og sjarovary. Tradisjonell drakt for kvinner omfattar kozjusjanka, otsjipok for gifte kvinner og ukrainsk krans for ugifte jenter. Plagga blir laga med forseggjord strukturell design, kompliserte veveteknikkar, omfattande broderi og holbroderi.
Veving og broderi
Tekstikunst har ei viktig rolle i ukrainsk kultur,[31] særleg i ukrainske bryllupstradisjonar, ukrainsk broderi, veving og blondemaking blir brukte i tradisjonelle folkedrakta og feiringar.[32] Broderistilen varierer etter opphavsregionen,[33] og designa har lange historier når det gjeld motiv, komposisjons, fargeval og stingtypar.[34] Bruk av farge er særs viktig, og har røter i ukrainsk folkeminne. Broderimotiv frå ulike delar av Ukraina er tekne vare på i Rusjnik-museet i Perejaslav.
Nasjonaldraktar er vovne og rikt dekorerte. Veving med handlaga vevstolar blir framleis praktisert i landsbyen Krupove i Rivne oblast. Denne landsbyen er fødestden til to kjende personar innan nasjonalt tekstilhandverk, Nina Myhailivna[35] og Uliana Petrivna.[36]
Utøvande kunst
Dans
Tradisjonelle dansar er populære i Ukraina. Mange av dei kjem frå kossaklandsbyar på landet.[37] Ein ukrainsk dansestil heiter kalyna. Både menn og kvinner tek del i denne typen dans.[38]
- Kvinnene bruker fargerike draktar, nokre gangar med ein einsfarga (vanlegvis blå, grøn, raud eller svart) tunika og matchande forklede, under det eit ope skjørt, og under dette igjen eit kvitt skjørt med ein brodert kant som skal nå ein tomme eller så over kneet. Viss dei har på seg ein tunika, ber dei ei langerma, rikt brodert kvit skjorte under. Tradisjonelt bruker kvinner ein type raude skinnstøvlar til å dansa i. Dei har òg på seg eit blomehovudstykke (vinok), det vil seia eit panneband dekt med blomar og lange flytande band nedover ryggen som flyt når dei dansar, og raude korallhalsband.[39]
- Mennene har på seg lause bukser (vanlegvis blå, kvite, svarte eller raude) og ei skjorte (vanlegvis kvit, men nokre gonger svart) som er brodert i halsen og nedover brystet. Over skjorten kan dei nokre gonger ha ein rikt brodert vest. Rundt livet har dei ei vidt band med frynsete endar. Som kvinnen bruker dei støvlar, men desse kan vera svarte eller kvite i tillegg til raude.[39]
- Kalyna er ein dans med ein partner. Dansen pryvitannya er ein helsingsdans som er sakte og respektfull, der kvinnene bukkar for publikum og tilbyr dei brød og salt på eit klede og blomar. Ein annan dans kalla hopak er mykje livlegare, med mange raske rørsler. Denne dansen er avleidd frå hopak-kampkunsten til kossakane.[40]
Museum og bibliotek
Det finst oppimot 5 000 ulike museum i Ukraina,[41] mellom anna Det ukrainske nasjonalgalleriet, Det nasjonale historiske museet, Museet for vestleg og orientalsk kunst, det nasjonale Tsjernobyl-museet i Kyiv, Lviv nasjonale kunstgalleri, Poltava kunstmuseum, Simferopol kunstmuseum, og mange andre innan kunst, historie, tradisjonar eller vigde til ulike tema. Mange av desse musea er i faresona på grunn av den russiske invasjonen av Ukraina i 2022.[42]
Det finst 14 bibliotek av statleg tyding (Vernadsky nasjonalbibliotek, Det nasjonale parlamentsbiblioteket, Det nasjonale historiske biblioteket, Korolenko statlege vitskaplege bibliotekt i Kharkiv og andre), og 45 000 offentlege bibliotek over heile landet. Til saman eig desse institusjonane 700 millionar bøker.[43]
Litteratur
Ukrainsk litteratur har hatt ei vanskeleg utvikling. På grunn av konstant utenlandsk dominans over ukrainske territorium var det ofte ein betydeleg forskjell mellom tale- og skriftspråk. Nokre gongar var det tilmed delvis forbode å trykka noko på ukrainsk. Ei rad utanlandske styre frå Litauen, Polen, Romania, Russland, Austerrike-Ungarn og Det osmanske riket berike på den andre sida òg ukrainsk ved å tilføra nye ord til språket.[44] Trass i undertrykking under tsar- og sovjetstyret har ukrainske forfattarar klart å danna ein rik litteraturarv.[45]
Mange ukrainarar har òg bidrege til den nærskylde russiskspråklege litteraturen.[46]
Populærkultur
Idrett
Ukraina hadde stor nytte av den sovjetiske vektlegginga av kroppsøving, som gjorde at landet fekk hundrevis av stadion, symjehallar, idrettshallar og andre idrettsanlegg.[47]
Fotball er den mest populære idretten i Ukraina. Den leiande professjonelle ligaen er Premjer-Liha.[48] Dei to laga som har hatt mest suksess i denne ligaen er rivalane Dynamo Kyiv og Sjakhtar Donetsk.
Dei ukrainske brøren Vitaliy Klytsjko og Volodymyr Klytsjko har begge vore tittelhaldarar i boksing.[49]
Ukraine debuterte ved OL under Vinter-OL 1994 .[50]
Andre populære idrettar i Ukraina er handball, tennis, rugby, basketball, gymnastikk og ishockey.[47]
Turisme
Ukraine får meir enn 20 millionar turistar årleg i eit typisk år.[51] Dei sju naturlege underverka i Ukraina[52] og Dei sju underverka i Ukraina[53] er populære reisemål i lag med byar,[54] festivalar,[55] økoturisme[56] og helseturisme.[57]
- ↑ «Ukraine as a ‘borderland’». The Conversation. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Ukraine». Britannica. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Shevchenko, Taras». Encyclopedia of Ukraine. Arkivert frå originalen 8 January 2018. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Franko, Ivan». Encyclopedia of Ukraine. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Kyivan Rus». Britannica. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Galicia». Britannica. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Volhynia». Britannica. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Orthodox Christians». ARDA. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Britannica». Slavic religion. Henta 7 March 2022.
- ↑ 10,0 10,1 «How Russian is Ukraine?». The Conversation. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Christmas on January 7». Euromaidan Press. Henta 7 March 2022.
- ↑ Sibirtseva, Maria (17 July 2018). «11 Things You Should Know About Ukrainian Culture». Culture Trip. Henta 28. februar 2019.
- ↑ «Weddings at Soyuzivka». Ukrainian Wedding Traditions. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Language data for Ukraine». Translators Without Borders. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Ukrainian language». Encyclopedia of Ukraine. Henta 7 March 2022.
- ↑ «CIA World Factbook». Henta 16 March 2012.
- ↑ Ukraine Culture. Ukraine People. Education. Religion
- ↑ «Largest Religions in Ukraine». WorldAtlas. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Traditional foods». Encyclopedia of Ukraine. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Pysanka». University of Alberta. Henta 7 March 2022.
- ↑ Ukraine Culture. Ukraine People. Education. Religion
- ↑ Ukraine Culture. Ukraine People. Education. Religion
- ↑ «Folk architecture». Encyclopedia of Ukraine. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Museum of Folk Architecture and Rural Life». Kiev.info. Henta 7 March 2022.
- ↑ «National Museum of Ukrainian Decorative Folk Art». Encyclopedia of Ukraine. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Ornament». Encyclopedia of Ukraine. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Peresopnytsia Gospel». Encyclopedia of Ukraine. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Executed Renaissance: The Erasure of Ukrainian Cultural Heritage in the Times of the Soviet Union». Retrospect Journal. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Ukrainian Vyshyvanka (embroidered shirt)». Unknown Ukraine. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Ukrainians celebrating Vyshyvanka Day on May 20». Unian. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Ukrainian folk dress. Traditional clothes of Ukraine». Ua-travelling.com. 13 July 2010. Arkivert frå originalen 25 July 2013. Henta 30 December 2010.
- ↑ «Types and symbols of Ukrainian embroidery ornaments». UAPOST.US. Henta 7 March 2022.
- ↑ "Podvyzhnytsi narodnoho mystetstva", Kyiv 2003 and 2005, by Yevheniya Shudra, Welcome to Ukraine Magazine
- ↑ Ukrainian Museum Archives. Online exhibit on loan from the D.Dmytrykiw Ukrainian Ethnographic Research Collection, Library & Archives of Westlake, Ohio
- ↑ «Рівненська обласна державна адміністрація – Обласний центр народної творчості». Rv.gov.ua. Henta 30. desember 2010.
- ↑ «ПІСНІ ТА ВИШИВКИ УЛЯНИ КОТ – Мистецька сторінка». Storinka-m.kiev.ua. Henta 30. desember 2010.
- ↑ Culture in Ukraine | By Ukraine Channel
- ↑ «Chervona Kalyna». Kalyna. Henta 7 March 2022.
- ↑ 39,0 39,1 «Kalyna Performing Arts Company». UNF Canada. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Hopak». Britannica. Henta 7 March 2022.
- ↑ УНIАН - Культура - Україна – музейна Країна
- ↑ Akinsha, Konstantin (25 March 2022). «Culture in the crossfire: Ukraine's key monuments and museums at risk of destruction in the war». The Art Newspaper. Henta 26 March 2022.
- ↑ Бібліотеки та науково-інформаційні центри України
- ↑ «Ukrainian language». Britannica. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Ukrainian literature». Britannica. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Ukraine’s distinctive Russian-language culture». Ukrainian Institute London. Henta 7 March 2022.
- ↑ 47,0 47,1 «Sport in Ukraine». Topend Sports. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Ukraine Vyscha Liga». BetsAPI. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Klitschko Museum». Klitschko Museum. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Ukraine at the Winter Olympics». Topend Sports. Henta 7 March 2022.
- ↑ Туристичні потоки Mal:In lang, State Statistics Committee of Ukraine
- ↑ «The 7 Natural Wonders of Ukraine». Culture Trip. Henta 7 March 2022.
- ↑ «The Seven Wonders Of Ukraine». World Atlas. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Cities of Ukraine». UES Ukraine. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Ukraine Holidays and Festivals». iExplore. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Ecotourism in Ukraine». Visit to Ukraine. Henta 7 March 2022.
- ↑ «Medical Tourism to Ukraine». Health Tourism. Henta 7 March 2022.