Tor Erling Staff
Tor Erling Staff | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. februar 1933 Oslo |
Død | |
Yrke | forsvarer, programleiar |
Språk | norsk, engelsk |
Tor Erling Staff på Commons |
Tor Erling Staff (22. februar 1933–22. juli 2018)[1] var ein norsk jurist og sakprosaforfattar frå Oslo. Han var også kjend som ein kontroversiell samfunnsdebatant.[2]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Staff blei cand.jur. i 1958 og tok også utdanning i USA. Han var formann i Det Norske Studentersamfund i 1956, og var redaktør for jubileumsboka som kom ut i samband med 150-års-jubileet til samfunnet i 1963. Han var direktør for Den norske Forleggerforening i perioden 1966 til 1970.
Virke
[endre | endre wikiteksten]Frå 1967 var Staff høgsterettsadvokat. Han var også fast forsvarar ved Oslo tingrett frå 1967 til 2003.[2]
Staff verka som forsvarar for klientar tiltalt for ei rekkje ulike brotsverk - «nynazister, pedofile, drapsmenn, voldsmenn og pornografer».[2] Han omtalte seg sjølv fleire gonger som djevelens advokat. I samfunnsdebatten forsvarte han også kontroversielle synspunkt som legalisering av narkotika, avskaffing av seksuell lågalder, innføring av offentlege bordell og aktiv dødshjelp.[2]
Frå 1994 til 1995 var han programleiar i debattprogrammet Lønning og Staff på TV 2 saman med Per Ståle Lønning.[2]
Hausten 2005 blei Staff omtalt i media i samband med ei sak om korrupsjon som impliserte klienten hans, John Sandstrøm, direkte og Staff sjølv indirekte.[3]
Familie
[endre | endre wikiteksten]Staff var gift med Hilde Børresen frå 1958 til 1971, og hadde to søner. Den eine, Trygve Staff, vart tilsett ved same advokatkontor som faren og blei etterkvart partnar.[4] I juni 2005 inngjekk Staff eit registrert partnerskap med ein mann.[5]
Bøker
[endre | endre wikiteksten]- Håvard Rem og Tor Erling Staff: Staff, Oslo, Schibsted 2005, ISBN 82-516-2080-5
- Arne Haugestad: Folkefiende? 70 år med Tor Erling Staff / 29 innlegg redigert av Arne Haugestad, Oslo, Kagge Forlag 2002, ISBN 82-489-0257-9
- John Arne Markussen: Staff – fra innsiden, Oslo, Grøndahl 1985, ISBN 82-504-0784-9
- Tor Erling Staff (hovudredaktør): Jus i hverdagen bind 1–2, Arnkrone, Nordiske Bokverk 1980
- Tor Erling Staff: Begjæring om gjenopptakelse av saken mot Fredrik Fasting Torgersen, Oslo, Pax 1973, ISBN 82-530-0538-5
- Tor Erling Staff (redaktør): Den frie talerstol – 1813–1963, det norske studentersamfund 150 år, Oslo, Det norske studentersamfund 1963
Bøker
[endre | endre wikiteksten]- Håvard Rem og Tor Erling Staff: Staff, Oslo, Schibsted 2005, ISBN 82-516-2080-5
- Arne Haugestad: Folkefiende? 70 år med Tor Erling Staff / 29 innlegg redigert av Arne Haugestad, Oslo, Kagge Forlag 2002, ISBN 82-489-0257-9
- John Arne Markussen: Staff – fra innsiden, Oslo, Grøndahl 1985, ISBN 82-504-0784-9
- Tor Erling Staff (hovedredaktør): Jus i hverdagen bind 1–2, Arnkrone, Nordiske Bokverk 1980
- Tor Erling Staff: Begjæring om gjenopptakelse av saken mot Fredrik Fasting Torgersen, Oslo, Pax 1973, ISBN 82-530-0538-5
- Tor Erling Staff (redaktør): Den frie talerstol – 1813–1963, det norske studentersamfund 150 år, Oslo, Det norske studentersamfund 1963
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ording, Oda. «Tor Erling Staff er død». NRK (på norsk bokmål). Henta 22. juli 2018.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 https://www.dagsavisen.no/innenriks/advokat-tor-erling-staff-er-dod-1.1176308. Missing or empty
|title=
(hjelp) - ↑ Dagens Næringsliv: Selger falske legeerklæringer til kriminelle, publisert 29. oktober 2005
- ↑ http://www.advokat-staff.no/The-Staff/Trygve-Staff . Vitja 2018-07-22
- ↑ Sørheim, Ingjald Ørbeck (13. februar 2009). Tor Erling Staff.