[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Sými

Koordinatar: 36°35′56″N 27°50′03″E / 36.59889°N 27.83417°E / 36.59889; 27.83417
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 29. april 2009 kl. 16:08 av VolkovBot (diskusjon | bidrag) (robot la til: it:Simi)
Sými
Lokalt namn Σύμη
Yialos, hamna på Symi sett frå Khorio
Yialos, hamna på Symi sett frå Khorio
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°35′56″N 27°50′03″E / 36.59889°N 27.83417°E / 36.59889; 27.83417
Øygruppe Dodekanesane

Areal 57 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Prefektur
Sør-Egearhavet
Dodekanesane

Demografi
Folketal 2 500 (2001)
Folketettleik 44 /km²

Symi (gresk: Σύμη, óg kalla Syme eller Simi, osmansk سومبكى Sömbeki) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Geografisk høyrer derimot ikkje Symi til sjølve øyrekkja i Dodekanesane, men ligg 41 km frå Rhodos. Ho har eit areal på 57 km² og har eit fjellkledd terreng. I indre område finn ein små dalar og langs kysten finn ein både høge klipper og bukter med sandstrender. Hovudbyen ligg på nordaustkysten og vert óg kalla Symi eller Ano Symi. Øya har om lag 2 500 innbyggjarar, som hovudsakleg driv med fiske, handel og turisme.

I tillegg til dei mange historiske stadane på øya er dei mange isolerte sandstrendene, som stundom berre er tilgjengeleg med båt, populære blant turistane. I gresk mytologi var Symi visstnok fødestaden til Kharites og har fått namnet sitt frå nymfen Syme (i antikken vart øya kalla Aigli og Metapontis).

Historie

I Illiaden til Homer vert øya nemnd som området til kong Nireus, som kjempa i den trojanske krigen på grekarane si side. Thukydides skriv at under peloponnesarkrigen skjedde slaget ved Syme nær øya i januar 411 fvt. der fleire spartanske skip slo ein skavdron av athenske skip. Ein veit lite om øya fram til 1300-talet, men arkeologiske funn viser at ho var busett heile tida sidan antikken, medan ruinar av festningsverk viser at ho óg var ein viktig stad. Ho var først ein del av Romarriket og så av Austromarriket før ho vart erobra av Maltesarordenen i 1373.

Denne erobringa førte til ein periode på fleire hundreår med velstand for Symi, som med si plassering midt i Dodekanesane vart ein viktig lokalstasjon for handel fram til den dampdrivne skipsfarten kom i gong på 1800-talet. Øya vart erobra av Det osmanske riket i 1522, men fekk halde mange av privilegiane sine og dermed óg velstanden. Symi er kjend for svampane sine som stod for mykje av rikdomen. Ho nådde toppen på midten av 1800-talet og mange neoklassiske herregardar vart bygd i fjellsidene ovanfor hovudbyen.

Symi, i lag med resten av Dodekanesane, har skifta eigarar fleire gonger på 1900-talet. I 1912 vart ho okkupert av Italia, og formelt avstått til Italia i 1923. Ho vart til slutt ein del av Hellas i 1948 (sjå Dodekanesane for detaljar).

I det siste har øya trekt til seg mange turistar og mange av dei neoklassiske heimane har vorte kjøpt opp av utanlandske borgarar.

Kommunikasjon

Næraste flyplass er på Rhodos. Ferje- og/eller snøggbåtrutar mellom anna til Rhodos, Kalymnos, Kos, Leros, Patmos og Pireus (Aten).

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Sými

Kjelde