Sørlege Afrika
Sørlege Afrika er den sørlegaste subregionen på det afrikanske kontinentet, sør for Aust- og Sentral-Afrika. Han kan definerast ut frå geografi eller geopolitikk.
Geografisk definisjon
[endre | endre wikiteksten]Ut frå geografi kan ein setja grensa for regionen ved elvane Kunene og Zambezi, slik at han omfattar Sør-Afrika, Lesotho, Eswatini, Namibia, Botswana, Zimbabwe og den sørlege delen av Mosambik. Denne definisjonen er mykje brukt i Sør-Afrika i samband med naturvitskapar, men ikkje i politisk eller samfunnsvitskapleg samanheng ettersom han deler Mosambik i to.
Geopolitiske definisjonar
[endre | endre wikiteksten]I SN si liste over subregionar, utgjer fem land sørlege Afrika:
Den sørlege afrikanske tollunionen omfattar desse landa.
Samarbeidsorganisasjonen for sørlege Afrika omfattar fleire land: Angola, Botswana, Eswatini, Lesotho, Den demokratiske republikken Kongo, Madagaskar, Malawi, Mauritius, Mosambik, Namibia, Seychellane, Sør-Afrika, Tanzania, Zambia og Zimbabwe.
I tillegg kan også øyane Komorane, Mayotte og Réunion i Indiahavet reknast til regionen.
Sjå og
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Southern Africa» frå Wikipedia på engelsk, og «Sørlige Afrika» frå Wikipedia på bokmål den 15. juni 2010.