Ponerorchis cucullata
Ponerorchis cucullata | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Ponerorchis | ||
Art: | P. cucullata | ||
Vitskapleg namn | |||
Ponerorchis cucullata
(Linné) X.H.Jin, Schuit. & W.T.Jin
| |||
Økologi | |||
Habitat: | furuskog og blandingsskog | ||
Utbreiing: | austlege Europa til Japan |
Ponerorchis cucullata, tidlegare Neottianthe cucullata er ei plante i slekta Ponerorchis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten veks ikkje i Noreg.
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]P. cucullata var tidlegare knytt til slekta Neottianthe, men ein studie i 2014 synte at slektene Neottianthe, Amitostigma og Ponerorchis ikkje var var monofyletiske grupper, og dei vart derfor samla i slekta Ponerorchis.[1][2] I somme klassifiseringar er heile slekta Ponerorchis innlemma i slekta Hemipilia, slik at arten heiter Hemipilia cucullata.[3]
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Arten finst i Polen og Baltikum og austover gjennom Asia til Japan.[3]
P. cucullata veks på eit par stader heilt sør i Latvia (latvisk namn cepurainā neotiante)[4] og er på den latviske raudlista klassifisert som sterkt truga (kategori 1 – draud iznīkšana).[5] I Litauen (litauisk namn miškinė plikaplaiskė) er arten klassifisert som kritisk truga (CR) med berre nokre få små populasjonar aust i landet.[6][7]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jin, Wei-Tao; Jin, Xiao-Hua; Schuiteman, André; Li, De-Zhu; Xiang, Xiao-Guo; Huang, Wei-Chang; Li, Jian-Wu; Huang, Lu-Qi (2014). «Molecular systematics of subtribe Orchidinae and Asian taxa of Habenariinae (Orchideae, Orchidaceae) based on plastid matK, rbcL and nuclear ITS». Molecular Phylogenetics and Evolution 77: 41–53. PMID 24747003. doi:10.1016/j.ympev.2014.04.004.
- ↑ «WFO: Ponerorchis cucullata». The World Flora Online. Henta 2. februar 2023.
- ↑ 3,0 3,1 «PoWO: Hemipilia cucullata». Plants of the World Online. Henta 2. februar 2023.
- ↑ «Latvijas daba: cepurainā neotiante» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 2. februar 2023.
- ↑ Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 2. februar 2023.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 22-23. ISBN 9986-662-28-1. Henta 3. februar 2023.
- ↑ Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 414. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 2. februar 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Ponerorchis cucullata i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Ponerorchis cucullata hos NCBI
- (en) Ponerorchis cucullata hos The International Plant Names Index