[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Pentagon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 3. august 2022 kl. 11:06 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (top: rydda/retta using AWB)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Ein likebeint pentagon (femkant)

Ein pentagon er ein samanhengande geometrisk figur som er sett saman av fem sider, dvs. ein geometrisk figur med fem sider. I matematikken seier vi ein femsida polygon eller mangekant.

Sidene i denne polygonen treng ikkje å vere like lange.

Arealet av ein likebeina pentagon, der sidene har lengda a er:

Konstruksjon av ein likesida pentagon med passar og linjal

[endre | endre wikiteksten]
Konstruksjon av likesida femkant

Vi kan konstruere ein femkant eksakt med passarog linjal (fargane er nemnde berre for å hjelpe til ved forklaringa):

  1. Teikn ein sirkel (blå) omkring eit punkt M.
  2. Teikn ein diagonal og ein annan diagonal vinkelrett på denne i M (raud strek)
  3. Halvér den eine radien (gul strek), punkt D.
  4. Teikn ein boge (grøn) med radien DE med sentrum i punkt D. Han kryssar lina AM i punkt F. Lina EF gjev sidelengda i pentagonen.
  5. Teikn ein boge med sentrum i E med radius EF (oransje). Bogen kryssar den store (blå) sirkelen i G. Flytt passarspissen frå E til G og teikn den neste sida, o.s.v.

Vinkelen EMG er 72 gradar.