Lysdiode
Lysdiode (eller LED, Light Emitting Diode) er ein elektrisk komponent som lyser med eit inkoherent monokromatisk lys når lysdioden vert forspent i framoverretning. Fargen vert bestemt av kva slags halvleiarmateriale som vert brukt, og kan vere ultrafiolett, synlig eller infraraudt lys. Prinsippet byggjer på at elektron-hull-par vert rekombinert over PN-overgangen og sender ut lys. Lysdioden utnyttar at det vert danna foton om ein bruker spesielle material i PN-overgangen. Sjå også diode.
Bruksområde
I mange tiår har lysdiodar vorte nytta som indikatorlamper for ulike elektriske apparat og på display. Større diodar kan også brukast til belysning.
Føremonar
Lysdioden dreg mindre straum og varar lengre (brenntid > 100 000 timar) enn ei glødelampe (ca 1 000 timar), eller halogenlampe (ca 10 000 timar). Dei nyaste modellane er (tilnærma) ufølsomme for temperaturvariasjonar, risting og vibrasjonar sidan dei ikkje har nokon lause delar.