Kesj
Kesj (panjabi ਕੇਸ, også skrive kesh eller kes) er ein praksis innan sikhismen som går ut på å ikkje klippa eller barbera håret. Dette er ein del av Dei fem K-ane i sikhismen. Det er vanleg å kjemma håret med ein kam (kangha, ein annan av dei fem K-ane) to gonger dagleg og setja opp håret for så å dekka det med eit klede eller ein turban.
Alle sikhar kan følgja regelen, men han er særleg vanleg for dei som er døypte inn i khalsaen. Skikken blei grunnlagd av guru Nanak, den første sikh-guruen. Guru Gobind Singh formulerte kravet om å ikkje skjera håret i 1699.[1]
Langt skjegg og håret i ein turban gjer særleg sikh-menn lett identifiserbare både seg imellom og av andre.[2] I nokre høve har dette ført til forfølging og mishandling, anten av dei som sikhar[3] eller fordi dei er blitt forveksla med muslimar.[4] I nyare tid har ein del sikhar gått bort frå kravet, som dei ser på som krevjande og umoderne.[2][5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ The Sikh Identity :5Ks, AllAboutSikhs.com, henta 9. november 2016
- ↑ 2,0 2,1 «Young Men Get Haircuts, Annoying Their Elders», New York Times, 29. mars 2007
- ↑ «Aussie teens try to cut Sikh youth's hair». Times of India. June 30, 2009.
- ↑ «Indian Immigrant Killed in Ariz.; Man Charged in Slaying and 2 Other Attacks; Racism Suspected». Washington Post. September 17, 2001.
- ↑ Priya Yadav, TNN (30. oktober 2006), 'Pagri not very attractive, out of tune with times'
- Amrit Sanskar (Ceremony of Khande di Pahul), AllAboutSikhs.com, henta 9. november 2016
- Knowles, Elizabeth, red. (2005), «kesh», The Oxford Dictionary of Phrase and Fable, Oxford University Press
- Denne artikkelen bygger på «Kesh» frå Wikipedia på engelsk, den 9. november 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kesh ved SikhiWiki