Kastrering
Å kastrere eller gjelde er eit inngrep der delar av eller alt av kjønnsorgana på eit dyr eller eit menneske blir fjerna. Det blir gjort på dyr for at dei skal bli ufruktbare eller for å roe dei ned. Vanlegvis er det snakk om å fjerne testiklane til hanndyr. I hodyr fjerner ein eggstokkane, eit noko større inngrep. Det har vore mest vanleg å kastrere produksjonsgris for slakt, men også hestar, oksar, kattar og hundar blir kastrerte.
Kastrering av dyr
Visse dyr er det tradisjon for å kastrere, og dei kastrerte dyra har fått eigne namn. Vallak viser til ein kastrert hest, galt kan visa til ein kastrert gris, og kapun og hanrei er namn på kastrerte hanar.
Ein har kastrert større dyr, som hestar og okser, for at dei skal kunne brukast som rolege trekk- og ridedyr.
Mindre husdyr blir gjerne kastrert for å hindra avsmak på kjøtet. Kastrering av gris skjer for å unngå den såkalla «rånelukta», ei lukt og ein smak som oppstår når hanngrisen blir kjønnsmoden, og som gjer at kjøtet frå råner ikkje er etande. Kastrasjonen skjer difor når grisungane er små (før fylte fire veker). Frå 2009 blir det forbode å kastrere grisungar i Noreg, viss det ikkje finst medisinske grunnar til å gjere det.
Kjæledyr som hund og katt kan kastrerast for å få ned talet på dyreungar og hindra uønska åtferd som slosting, revirmarkering og at dyra stikk av. Kastrering av hund er vanleg i nokre land, men er i Noreg forbode om det ikkje finst ein god grunn til å kastrere.[1] Det er derimot lovleg og vanleg å kastrere kattar.[2]
Kastrering av menneske
Kastrasjon har også blitt utført på menneske iblant. Ein kastrert mann blir kalla ein evnukk. I dag blir slik kastrasjon sett på som å vere i strid med allmenn etikk.
Sjå også
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Kastrasjon» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2009.
- ↑ «Å ha hund» ved dyrenett.no
- ↑ «Sterilisering og kastrering i tidlig alder» ved i Norsk Huskattforening