Kufa
Kufa | |||
الكوفة | |||
by | |||
Den store moskeen i Kufa fotografert i 1915
| |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
guvernement | Najaf | ||
Folketal | 130 000 | ||
Tidssone | UTC+3 | ||
Kufa 32°02′N 44°24′E / 32.03°N 44.4°E | |||
Wikimedia Commons: Kufa |
Kufa (arabisk الكوفة, al-Kūfah) er ein by i Irak, kring 170 km sør for Bagdad, og 10 km nordaust for Najaf ved breidda av Eufrat. I 2003 var det estimert eit folketal på 110 000 innbyggjarar. I dag har Kufa og Najaf vokse saman til eit samanhengande byområde, og heile området vert i stor grad berre kalla Najaf.
I lag med Samarra, Karbala, Kadhimiya og Najaf, er Kufa ein av fem irakiske byar som er heilag for sjiamuslimar. Byen var den siste hovudstaden for det fjerde Rashidun-kalifen Ali ibn Abu Talib.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]I 637 blei byen, som då låg i provinsen Asuristan, erobra av arabarar frå Sassanideriket. Han var på denne tida kjend som Hira, Aqula eller Suristan. i kalifen Umar ibn al-Khattab si regjeringstid blei så Kufa etablert her i 638. Han byrja som ein misr, ein arabisk leirby der det var busett 30 000 veteranar - den største stammegruppa var Banu Badshila.
Byen var ei kort tid, frå 749 til 762, hovudstaden til abbasidane. Han gjekk tilbake etter at Bagdad byrja å auka i tyding.
Kufa hadde ein berømt språkskule der ein utvikla kufisk skrift.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kufa» frå Wikipedia på bokmål, den 19. august 2020.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Hichem Djaït: al- Kufa: naissance de la ville islamique. Paris: Maisonneuve et Larose 1986.
- Josef van Ess: Theologie und Gesellschaft im 2. und 3. Jahrhundert der Hidschra. Eine Geschichte des religiösen Denkens im frühen Islam. 6 Bde. Berlin: De Gruyter 1991-97. Bd. I.
- Michael G. Morony: Iraq after the Muslim Conquest. Princeton 1984, S. 239ff.
- ↑ Al-Tabari, Muhammad ibn Jarir (2004). Tareekh Tabari (Urdu translation). Syed Muhammad Ibrahim Nadavi & Habib-ul-Rehman Siddiqui (Devband Scholar). Nafees Academy, Karachi, Pakistan. s. 52–53 (Vol.III Part–1 Events of 17 AH).