[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Fosfin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 8. januar 2017 kl. 21:27 av Neuraxıs (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Fosfin er ei sambinding med kjemisk formel PH3. Stoffet blir også kalla hydrogenfosfid.

Fosfin er ein fargelaus, brennbar og giftig gass med eit kokepunkt på −87,7 °C ved standard trykk. Rein fosfin er luktfri.

Gassen er svært giftig og kan drepa i små konsentrasjonar. Han er i tillegg luktfri, fargelaus og brannfarleg. Kontakt med gassen kan føre til synstap, ved lengre kontakt òg hovudverk, ørske, magesjau og koordinasjonstap. Kroniske effektar på menneske inkluderer bronkitt og alvorlege skadar på skjelettet.

Gassen blir brukt som eit meire miljøvennleg alternativ til å bli kvitt insekt i kornsiloar. Fosfin blir danna når vatn blir tilsett FeSi (ferro-silisium).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Fosfin