[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Furkapasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 22. mars 2016 kl. 00:31 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Panorama over Furkapasset, utsyn mot Urserendalen

Furkapasset er ein fjellovergang i Sveits, på grensa mellom kantonane Uri og Valais. Passhøgda er 2 436 meter over havet og knyter saman Realp i Urserendalen i Uri med Goms i Valais. Vasskiljet mellom elvane Reuss og Rhône ligg på Furkapasset.

Vegen er vinterstengd oktober-mai. Under passhøgda går ein 1 850 m lang jarnbanetunnel som var i bruk i tida 1925-82.

Køyrevegen over Furkapasset vart bygt i åra 1864-66. I 1925 vart det bygt ein knapt to kilometer lang tunnel for jarnbanen Furka-Oberalp-Bahn. Då denne jarnbanestrekninga var mykje utsett om vinteren, vart det bygt ein vel 15 km lang erstatningstunnel som stod ferdig i 1982.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Furkapasset