[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Engmarihand: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
TU-nor (diskusjon | bidrag)
TU-nor (diskusjon | bidrag)
 
Line 45: Line 45:
I Nederland skil ein mellom underartane ''D.&nbsp;incarnata'' ssp. ''incarnata'', ''D.&nbsp;incarnata'' ssp. ''coccinea'' og ''D.&nbsp;incarnata'' ssp. ''lobelii''.<ref name="Benelux"/> I Belgia reknar ein grasmarihand og dynemarihand (med namnet ''D.&nbsp;incarnata'' var. ''lobelii'') som varietetar.<ref name="Waarnemingen1"/><ref name="Waarnemingen2"/>
I Nederland skil ein mellom underartane ''D.&nbsp;incarnata'' ssp. ''incarnata'', ''D.&nbsp;incarnata'' ssp. ''coccinea'' og ''D.&nbsp;incarnata'' ssp. ''lobelii''.<ref name="Benelux"/> I Belgia reknar ein grasmarihand og dynemarihand (med namnet ''D.&nbsp;incarnata'' var. ''lobelii'') som varietetar.<ref name="Waarnemingen1"/><ref name="Waarnemingen2"/>


I ''Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean'' (2019) har ein gått heilt bort frå å definere underartar for denne arten. I tillegg til å rekne blodmarihand og voksmarihand som varietetar, er òg ssp. ''coccinea'' og ssp. ''lobelii'' slått saman og gitt status som varieteten ''D.&nbsp;incarnata'' var ''dunensis''.<ref name="orchidsEurope"/> I ''Plants of the World Online'' held ein fast ved dynemarihand, voksmarihand, blodmarihand og ssp. ''gemmana'' som underartar.<ref name="powo"/>
I ''Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean'' (2019) har ein gått heilt bort frå å definere underartar for denne arten. I tillegg til å rekne blodmarihand og voksmarihand som varietetar, er òg ssp. ''coccinea'' og ssp. ''lobelii'' slått saman og gitt status som varieteten ''D.&nbsp;incarnata'' var. ''dunensis''.<ref name="orchidsEurope"/> I ''Plants of the World Online'' held ein fast ved dynemarihand, voksmarihand, blodmarihand, ssp. ''pulchella'' og ssp. ''gemmana'' som underartar.<ref name="powo"/>


== Utbreiing ==
== Utbreiing ==

Siste versjonen frå 7. mai 2024 kl. 12:44

Engmarihand

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig Engmarihand (underarten grasmarihand)
Engmarihand (underarten grasmarihand)

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. incarnata
Underartar
Vitskapleg namn
Dactylorhiza incarnata
(Linné) Soó
Økologi
Habitat: myr, strandeng, sanddyne
Utbreiing: Eurasia

Engmarihand (Dactylorhiza incarnata) er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien).[1]Norsk raudliste for artar (2021) er ho vurdert som livskraftig (LC).[2]

Fargen på blomane til engmarihand kan variere i farge frå mørk rosa og raudfiolett til nesten heilt kvit. Einskildblomane har relativt smal, svakt tredelt leppe med mørkare strekteikningar eller prikkar. Støtteblada til einskildblomane er lange og kraftige, og dei er derfor gjerne godt synlege som grøne, brunlege eller raudlege innslag i akset. Engmarihand kan bli opp mot 40 centimeter høg. Stilken er tjukk og hol, og blada er lysegrøne og uflekka, utanom hos blodmarihand.

Systematikk

[endre | endre wikiteksten]

Artsdatabanken bruker prinsipielt separate namn på ulike taksonomiske nivå. Her har ein vald å bruke det innarbeidde namnet engmarihand på arten og gi eit nytt namn til nominatunderarten, som har fått det lite innarbeidde namnet grasmarihand. Som oftast vil det vere denne underarten som er meint når ein bruker namnet engmarihand.[3] Ein har tidlegare rekna med ein underart blodmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. cruenta), men i den 8. utgåva av Norsk flora er denne rekna som ein type av grasmarihand,[4] og blodmarihand står no i Artsdatabanken som varieteten D. incarnata var. cruenta.[3]

Underartane i Noreg er:[3]

I Norden finn vi elles:

  • voksmarihand (D. incarnata ssp. ochroleuca), i Sverige (ganske vanleg, ikkje vurdert separat for raudlista)[5] og Danmark (EN)[6]

I Danmark har det, i tillegg til underarten dynemarihand og varieteten voksmarihand vore gjort einskildfunn av ei form:[7]

  • D. incarnata f. hyphaematodes (dansk namn finprikket gøgeurt, ikkje raudlistevurdert)

Det finst fleire underartar på Dei britiske øyane, men utbreiinga av dei ulike underartane er ikkje fullt ut klarlagd:[8]

I Latvia er grasmarihand rekna som eigen art ved sidan av blodmarihand, medan voksmarihand er rekna som underart.[9] I Litauen er alle desse tre plasserte på artsnivå, og der er grasmarihand førd opp med underartane D. incarnata ssp. incarnata, D. incarnata ssp. serotina og D. incarnata ssp. haematodes.[10] I Estland er dei to siste, saman med fleire andre, rekna som varietetar av underarten grasmarihand.[11]

I Nederland skil ein mellom underartane D. incarnata ssp. incarnata, D. incarnata ssp. coccinea og D. incarnata ssp. lobelii.[12] I Belgia reknar ein grasmarihand og dynemarihand (med namnet D. incarnata var. lobelii) som varietetar.[13][14]

I Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean (2019) har ein gått heilt bort frå å definere underartar for denne arten. I tillegg til å rekne blodmarihand og voksmarihand som varietetar, er òg ssp. coccinea og ssp. lobelii slått saman og gitt status som varieteten D. incarnata var. dunensis.[15] I Plants of the World Online held ein fast ved dynemarihand, voksmarihand, blodmarihand, ssp. pulchella og ssp. gemmana som underartar.[16]

Engmarihand er ein relativt vanleg orkidé i Noreg, først og fremst på Austlandet og i Midt-Noreg, så meir og meir spreidd nord til grensa mot Finnmark. Han trivst på kalkrik myr eller strandeng. Underarten dynemarihand veks i sanddynelandskap på Sørvestlandet. Arten er i tilbakegang på grunn av tap av habitat gjennom øydelegging av myrer, og var kom i 2006 inn på Norsk raudliste for artar som nær truga (NT). I seinere utgåver av raudlista er arten vurdert som livskraftig (LC).[2]

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn ängsnycklar),[17] i Danmark (LC, dansk namn kødfarvet gøgeurt)[18] og i Finland (NT, finsk namn punakämmekkä).[19]

Engmarihand (engelsk namn early marsh orchid) er vanleg over det meste av Dei britiske øyane. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[8][20] på same måte som lokalt i England og Wales,[21][22] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[23] Fordelinga på underartar er ikkje fullt ut klarlagd.

I Baltikum varierer den systematiske handsaminga av artar og underartar frå land til land, men grasmarihand som art eller nominatunderart er vanleg i heile området.[24][9][10]

I Benelux veks arten (nederlandsk namn vleeskleurige orchis, fransk namn orchis incarnat) spreidd i Nederland, men er i tilbakegang. I Flandern i Belgia veks han spreidd, og han er svært sjeldan i Vallonia.[12][25] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sårbar (VU, kwetsbaar),[26] I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og kritisk truga (CR, menacé d'extinction) i Vallonia.[27][28] I Luxembourg er han òg rekna som kritisk truga (CR).[29]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar engmarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  2. 2,0 2,1 «Raudlista: Engmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 24. februar 2022. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Artsdatabanken: Namnetre engmarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  4. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193. 
  5. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. ochroleuca vaxnycklar». Artdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  6. «Naturbasen: Hvidgul Gøgeurt Dactylorhiza incarnata var. ochroleuca». Naturbasen. Henta 24. februar 2022. 
  7. «Naturbasen: Finprikket Gøgeurt Dactylorhiza incarnata f. hyphaematodes». Naturbasen. Henta 1. mars 2024. 
  8. 8,0 8,1 «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  9. 9,0 9,1 «Latvijas daba: stāvlapu dzegužpirkstīte» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 6. februar 2023. 
  10. 10,0 10,1 Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 34-35. ISBN 9986-662-28-1. Henta 6. februar 2023. 
  11. «eElurikkus: Species» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 6. februar 2023. 
  12. 12,0 12,1 «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza incarnata». FLORON. Henta 16. januar 2024. 
  13. «Vleeskleurige orchis s.s. – Dactylorhiza incarnata var. incarnata». Waarnemingen.be. Henta 17. januar 2024. 
  14. «Vleeskleurige duinorchis – Dactylorhiza incarnata var. lobelii». Waarnemingen.be. Henta 17. januar 2024. 
  15. Rolf Kühn, Henrik Æ. Pedersen, Philip Cribb (2019). Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean. London: Kew Publishing. ISBN 978-1-84246-669-8. 
  16. «PoWO: Dactylorhiza incarnata». Plants of the World Online. Henta 7. februar 2023. 
  17. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata ängsnycklar». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  18. «Naturbasen: Kødfarvet Gøgeurt Dactylorhiza incarnata». Naturbasen. Henta 24. februar 2022. 
  19. «LAJI: Dactylorhiza incarnata». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  20. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  21. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  22. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  23. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  24. «eElurikkus: Dactylorhiza incarnata» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 6. februar 2023. 
  25. «Verspreidingskaart: Vleeskleurige duinorchis – Dactylorhiza incarnata». Waarnemingen.be. Henta 17. januar 2024. 
  26. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  27. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  28. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  29. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]