Marihandslekta
Marihandslekta | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Artar i Noreg | |||
| |||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza
Neck. ex Nevski
| |||
Økologi | |||
Utbreiing: | Eurasia, Nord-Amerika |
Marihandslekta (Dactylorhiza) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]På verdsbasis har marihandslekta nokre titals artar.[2][3] Av desse er fem representerte i Noreg.[4] Slekta er ei av dei mest uoversiktlege planteslektene i norsk flora. Systematikken i slekta er problematisk, det er stor usemje om kva som skal reknast som artar og kva som skal reknast som underartar, og mange artar og underarter kryssar seg med kvarandre og lagar vanskelege mellomformer. Særleg har det polyfyletiske komplekset kongsmarihand (Dactylorhiza majalis) vore omdiskutert.[5][6]
Orkideane i denne gruppa var opphavleg rekna inn i vårmarihandslekta Orchis,[7] men artane med forgreina rotknoll vart så skilde ut til slekta Dactylorchis,[8] seinare Dactylorhiza.[9][10] Ut frå eit ønske om monofyletiske slekter er grønkurle, som før var rekna til ei eiga slekt (Coeloglossum), no rekna inn i marihandslekta.[11]
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Namnet Dactylorhiza kjem frå daktylos (gresk δάκτυλος), som tyder finger, og riza (gresk ρίζα), som tyder rot. Namnet viser til rota hos artane i slekta, som liknar fingrane på ei hand.
Artar og underartar i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Artsdatabanken opererer med desse artane og underartane i Noreg:[4]
- grønkurle (D. viridis)
- smågrønkurle (D. viridis ssp. viridis)
- islandsgrønkurle (D. viridis ssp. islandica)
- systermarihand (D. sambucina)
- engmarihand (D. incarnata)
- grasmarihand (D. incarnata ssp. incarnata)
- dynemarihand (D. incarnata ssp. coccinea)
- blodmarihand (D. incarnata var. cruenta) – ikkje lenger rekna som underart, men som varietet[12][13]
- kongsmarihand (D. majalis)
- smalmarihand (D. majalis ssp. sphagnicola)
- lappmarihand (D. majalis ssp. lapponica)
- purpurmarihand (D. majalis ssp. purpurella)
- bleikmarihand (D. maculata)
- flekkmarihand (D. maculata ssp. maculata)
- skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii)
- stormarihand (D. praetermissa) – berre få einskildfunn i herbariebelegg
Raudliste
[endre | endre wikiteksten]Av artane og underartane i slekta Dactylorhiza er desse tekne med på Norsk raudliste for artar (2021):[14]
Kritisk truga (CR):
- islandsgrønkurle (oppgradert 2021 frå sterkt truga (EN))
Sterkt truga (EN):
Sårbar (VU):
- systermarihand
- dynemarihand (ny på raudlista 2021)
- smalmarihand
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Artsdatabanken: Marihandslekta». Artsdatabanken. Henta 25. februar 2022.
- ↑ «PoWO: Dactylorhiza». Plants of the World Online. Henta 7. mars 2024.
- ↑ «AOS: Dactylorhiza». American Orchid Society. Henta 25. februar 2022.
- ↑ 4,0 4,1 «Artsdatabanken: Namnetre marihandslekta». Artsdatabanken. Henta 25. februar 2022.
- ↑ Mikael Hedrén mfl. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269.
- ↑ Maria Kristine Brandrud mfl. (2020). «Phylogenetic Relationships of Diploids and the Origins of Allotetraploids in Dactylorhiza (Orchidaceae)» (PDF). Systematic Biology 69 (1): 91–109. ISSN 1063-5157. doi:10.1093/sysbio/syz035.
- ↑ Johannes Lid (1944). Norsk flora. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 62–64.
- ↑ Johannes Lid (1952). Norsk flora (2. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 207–211.
- ↑ Johannes Lid (1974). Norsk og svensk flora (2. [4.] utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 230–234.
- ↑ Hunt, P.F. og Summerhayes, V.S. (1965). «Dactylorhiza Nevski, the correct generic name of the dactylorchids» (PDF). Watsonia 2 (6): 128–133. ISSN 0043-1532.
- ↑ Reidar Elven (2007). «Bakgrunn for endringer i Lids flora 2005. 4. Vassgrofamilien til grasfamilien» (PDF). Blyttia 65 (4): 238–254, 270–275. ISSN 0006-5269.
- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre engmarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022.
- ↑ «Raudlista 2021». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 25. februar 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) marihandslekta hos Artsdatabanken
- (en) marihandslekta – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) marihandslekta i Encyclopedia of Life
- (en) marihandslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) marihandslekta hos Dyntaxa
- (en) marihandslekta hos ITIS
- (en) marihandslekta hos NCBI
- (en) marihandslekta hos The International Plant Names Index
- (en) marihandslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Dactylorhiza – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Dactylorhiza – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons