[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Dindigul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 1. oktober 2018 kl. 10:31 av F.bendik (diskusjon | bidrag) (Demografi)
Dindigul Fort

Dindigul er ein by i Sør-India i Tamil Nadu og administrativt senter for distriktet. Dindigul ligg 420 km sørvest for hovudstaden i delstaten, Chennai og 100 km frå [[Tiruchirappalli]. Til næraste by, Madurai er det 66 km. Dindigul er eit gammalt busetjingsområde som vert anteke å ha vore styrt, til ulike tider, av fleire kongar, Medieval Cholas i Pallava-dynastiet, seinare mindre kongar, Pandyas i Madurai-Sultanatet, seinare av Dindigul-Sultanatet og Vijayanagarariket, Madurai-Dynastiet og til slutt Britisk India. Dindigul har mange historiske monument, Rock Fôra, det mest kjende og er det mest vitja turistmål.

I Dindigul er det fabrikkar som produserer lås, pengeskåp og lêrvarer, vidare administrative tenester, landbruk og landbruksmaskiner, handel, bank og undervisningsmateriell. Dindigul har god veg- og jarnbanesamband med resten av Tamil Nadu.[1] Den er den 12. største staten i India med ein folkesetnad på 207 327 etter folketeljing i 2011 og 200 000 hektar med dyrkbar mark. Jordbruket er enno viktigaste næringsveg og distriktet har eit stort skogsareal.[2]

Historie

Foto av en steinet høyde med et fort
Dindigul Fort, antakeleg frå 1913

Dindiguls historie dreier seg eit fort som ligg på ei lita høgd. Dindigul regionen var grensa millom tre prominente kongedømme i Sør -India, Pandyas, Cheras og Chola. I ein gammal tamil bok (år 20 e. Kr..) av historikaren Strabo, Silappathikaram står det at Pandyariket grensa mot Madurai.[3] I løpet av det første århundret e.Kr. hærtok Chola-kongen, kong Karikal Cholan Pandya-riket, og Dindigul kom under hans styre i løpet av det 6. århundret e.Kr. og Pallavas tok over dei fleste provinsar i Sør-India. Dindugul var under Pallavas styre fram til Cholas tok kontroll over staten i det 8. århundret, fram til det 14. århundret. Då Sør-India vart invadert av Delhi-sultanatet var Dindigul i Vijaya Nagaras trygge hender. Kommandanten for Vijaya Nagar arméen, Kampanna Udayar spelte ei viktig rolle i kringsetjinga av Madurai som kom under Madurai-sultanatet. I 1559 vart Nayaks sterke, og deres territorium grensa mot Dindigul i nord. Etter kong Viswanatha Nayaks død i 1563 vart Muthukrisna Nayakka konge i 1602. Han bygde det sterke fortet på åstoppen i år 1605, Han bygde òg eit fort nedanfor. Muthuveerappa Nayak og Thirumalai Nayak etterfulgte Muthukrishna Nayak. Dindigul fekk betyding igjen under Nayaks regime over Madurai under Thirumalai Nayak. Etter hans næraste etterfølgjar, Rani Mangammal vart regionen styrt effektivt. I 1736 tok Chanda Sahib, løytnant i Delhi Sultanate makta frå Vangaru Nayak og i 1742 invaderte ein armé frå Mysore under Venkatarayers leiing, og dei tok over styret i Dindigul. Han styrde Dindigul som representant for Mysroes Maharaja. Det var då 18 Palayams (små regionar, beståande av nokre få landsbyar). Under hans styre kom alle desse palyam under Dindigul Semai med. Disse palayamene ynskte å verta sjølvstendige og nekta å betala skatt . I 1748 vart Venkatappa guvernør over regionen i staden for Venkatarayer som feilte. I 1757 vart Maharaja send til Mysore og Haider Ali til Dindigul for å ta hand om situasjonen. Seinare vart Haider Ali maharaja over Mysore og i 1777 utnemnde han Purshana Mirsaheb som guvernør over Dindigul. Han forsterka fortet. Hans kone, Ameer-um-Nisha-Begam døydde medan ho fødde og hennes grav vert no kalla Begambu.

Under britisk styre

I 1783 invaderte ein britisk armé Dindigul. I 1784, etter avtale millom Mysore og den britiske armeen vart Dindigul ein provins under Mysore. I 1788 vart Tipu Sultan, Haider Alis son krona som Dindigus konge.[4] Ei omfattande indisk historiebok av historikaren Strabo skriv om denne i si bok frå år 20 e.Kr. work Pillni, ein annan av #den store historikarane i tida skriv om Pandya-kongen i sina arbeid som omtalte det sivile, militære og sosiale liv frå dei første engelskmennene kom til landet for å knekka  Sepoy

opprøret skildrar dette. Den gjev òg ein sammenfatning av Hindustns tidlege historie.[5]

I 1790 tok den britiske armeen, leidde av general James Stewart kontroll over Dindigul då dei invaderte Mysore under den andre krigen mot Mysore. I ei avtale frå 1792 fekk Tipu herredømmet over (frå dei britiske) Dindigul som vart den første regionen som kom under engelsk styre i Madurai-distriktet. I 1798 forsterka den britiske armeen fortet med kanonar og bygde utkikspostar i kvart hjørne. Britane, under leiing av Stewart vart verande i fortet frå 1798 til 1859. Etter det vart

Madurai hovudkvarteret til den britiske armé og Dindigul vart deretter knytt til Madurai som ei administrativ eining. Dindigul vart under britisk styre fram til India vart sjølvstendig 15. august 1947.

Geografi

Dindigul ligg på 10°21′N 10°21′N 77°57′E / 10.35°N 77.95°E / 10.35; 77.95[6] med ei gjennomsnittshøgd på 265 moh. Byen ligg i Dindiguldistriktet i Tamil Nadu, 420 km frå Chennai og 100 km sørvest av Tiruchirappalli. Dindigul ligg ved foten av Sirumalai-høgda. Topografien er dels flat, dels kupert, noko som fører endringar i klimaet. Det er ingen mineralforekoster av tyding i bakken. Jorda er tynn, finéraktig, for den meste svarte leira og raud jord, som elles i tropane. Sommarsesongen varer frå mars til juli, vinteren frå desember til januar.Temperaturen varierer frå maksimum 37 °C. til minimum 29 °C. om sommaren, og maksimum 26 °C. til minimum 20 °C. om vinteren. Dindigul får i gjennomsnitt 812 mm nedbør årleg. Sørvest-monsunen er på sit kraftigaste i juni og varer fram til august. Hovedtyngden av regnvêret kjem med nordaustmonsunen i oktober, november og desember.[7]

Økonomi

Etter folketeljinga i 2001 var 35,24 prosent i fast arbeid. Dindigul, den viktigaste byen til distriktet hadde registeret vekst i dei sekundære og tertiære sektorar og med tilsvarande fall i primærsektoren. Viktige arbeidsplassar i byen var innan jernvareindustrien og i bomullsindustrien, og dessutan handel og forretninger. Omtrent 90 prosent av arbeidsstyrken arbeidde i den tertiær sektor. Distriktet i sin heilskap hadde berre to verksemder innan industrien, og den eine i sjølve byen. Etter same folketeljing var det omtrent 60 garveri, 165 låsfabrikker og ei stort mengd bomullsspinneri.

Dindigul har ei betydeleg verksemd innan lås og pengeskap og co-operative verksemder. Produkta vert selt både nasjonalt og vert eksportert. Gjennom "Tamil Nadu State Council for Science and Technology" er produkta vorte marknadsførd utanfor India.[8] Det er no registrert nedgang i denne og andre industriar som for , lêr, skinn og vovne produkt, medan silke, musselin og laken er vorte etterspurt. Dette er vanlege produkt for Dindigul som etter Coimbatore har Dindigul det nest høgaste mengd spinneri og veveri i landet. Chinnalapattisike som er eit merkenamn for silke frå Chinnalpatti som ligg 11 km. frå Dindigul.

Dindigul var eit viktig sentrum for tobakk, det vart dyrka tobakksplanter og rulla sigarar i stor stil Winston Churchills favorittsigar kom frå Dindigul. Den heitte."Light of Asia". Regjeringa I New Delhi har to forskingsinstitutt for tobakk. Det eine i Vedasandur og det andre Rajamundri. Her er den største tobakkbørsen der tobakk vert omsett og vert sendt til alle kantar av landet og noko vert eksportert. Dindigul er òg leiande på lêr og skinn.[2]

Løyve og orden ivaretas av "Tamil Nadu Police" under leiing av ein "Deputy Superintendent". Byen har tre politistasjonar, den eine bemanna av berre kvinner. Det er ei spesiell eining som ivaretar sosiale spørsmål og problem og dessutan menneskerettar, den er leidd av ein Superintendent.

Skular og offentleg sektor

Distriktet hadde i 2011, 19 grunnskular, 23 andre primærskoler, åtte realskolar, kor 13 i sjølve byen. Det var 10 private skular innan grensene i byen, tre tekniske skular, tre college for teknikk og vitskap. Næraste universitet er "Gandhigram Rural university".Det vart starta ein handelsskole i Morepatty, nær Vadamadurai, "Agni School of Business Excellence" (www.agniasbex.ac.in) som er knytt til seg Anna University i Chennai.[9]

Elektrisitetsforsyninga ivaretas av "Tamil Nadu Electricity Board« (TNEB). Vatn og avløp gjennom Dindigul Municipal Corp Scheme. #Den totale vassbehova i byen var (2011) på 14 million liter i døgnet.[10] Det vert samla inn 92 tonn søppel dagleg. Kjeldesortering og deponering ivaretas av renholdsverket. Det finst ikkje kloakk under bakken. Avløp frå toalett samlast opp i septiktankar.[11]

Løyve og orden ivaretas av ei avdeling under Tamil Nadu Police. Det er tre politistasjonar i byen. Den eine er bemanna med berre kvinner, det er spesialenheter for kriminalitet som sosial rettferd og menneskerettar.

Elektrisitet, vatn og avløp

Elektisitetsforsyningen i Dindigul ivaretas av "Tamil Nadu Electricity Board (TNEB)" . Byen , saman med forstadene har danna "Dindigul Electricity Distribution Circle" Vassforsyning ivaretas av "Dindigul Municipal Corporation"" Water Supply Scheme .[12] #Den totale vassbehova i byen ligg i overkant av 14 millionar liter i døgnet. Byen sin renholdsverk samlar inn 92 tonn søppel kvar dag og sørgjer for forsvarleg dumping.[13] Det finst inkje kloakkanlegg under bakken. Avløp frå toalett samlast opp i septiktankar

Referansar

  1. «Tamil Nadu News : Dindigul District – A Profile». The Hindu. Henta 3. mars 2013. 
  2. «Tamil Nadu News : A heady mix of all, for all». The Hindu. 31. mai 2008. Henta 3. mars 2013. 
  3. «Historical moments». Dindigul municipality. 2011. Arkivert frå originalen 29. juli 2009. Henta 29. desember 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |dødlenke= og |deadurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp)
  4. Hasan, Mohibbul (2005). History of Tipu Sultan. Aakar Books. s. 68–69. ISBN 81-87879-57-2. 
  5. Beveridge, Henry (1867). A comprehensive history of India, civil, military and social, from the first landing of the English, to the suppression of the Sepoy revolt:including an outline of the early history of Hindoostan, Volume 2. Blackie and son. s. 222–24. 
  6. «Falling Rain Genomics, Inc – Dindigul». Falling Rain Genomics Inc.  Inc. 
  7. «About city». Dindigul municipality. 2011. Arkivert frå originalen 16. mai 2009. Henta 29. desember 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |dødlenke= og |deadurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp)
  8. «Tamil Nadu / Madurai News : Geographical Indication likely for Thanjavur Veena, Dindigul Lock». The Hindu. 9. august 2009. Henta 3. mars 2013. 
  9. «Educational Institutions». Dindigul municipality. 2011. Arkivert frå originalen 24. juni 2013. Henta 29. desember 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |dødlenke= og |deadurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp)
  10. «Water Supply Details». Dindigul Municipality. 2011. Arkivert frå originalen 24. juni 2013. Henta 29. desember 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |dødlenke= og |deadurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp)
  11. «Dindigul sewarage». Dindigul municipality. 2011. Arkivert frå originalen 24. juni 2013. Henta 29. desember 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |dødlenke= og |deadurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp)
  12. «Important Address» (PDF). Indian Wind Power Association. 2011. Arkivert frå originalen (PDF) 16. oktober 2012. Henta 29. desember 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |dødlenke= og |deadurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp)
  13. «Waste management programme». Dindigul Municipality. 2011. Arkivert frå originalen 24. juni 2013. Henta 29. desember 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |dødlenke= og |deadurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp)