[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Brekke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 11. desember 2008 kl. 03:38 av Jhs (diskusjon | bidrag) (Ny side: {{Infoboks norsk stad |namn = Brekke |bilete = Risnefjorden and Brekke.JPG |biletstorleik = |bilettekst = Brekke ved Risnefjorden |ko...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Brekke
stad
Brekke ved Risnefjorden
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Gulen
Postnummer 5961 BREKKE
Preposisjon i Brekke
Ferdselsårer Fv1 Fv2
Kart
Brekke
61°01′12″N 5°27′41″E / 61.02°N 5.46139°E / 61.02; 5.46139
Wikimedia Commons: Brekke

Brekke er ei bygd i Gulen kommune i Sogn og Fjordane, og eit kyrkjesokn i Ytre Sogn prosti. Brekke har tidlegare òg vore sjølvstendig kommune. Bygda ligg langt ute på vestsida av Risnefjorden, på sørsida av Sognefjorden, knappe fire mils køyring austom kommunesenteret Eivindvik, og 14 kilometer frå ferjestaden Oppedal på Europaveg 39. Brekke skule er barne- og ungdomsskule for Brekke skulekrins som dekkjer austlegaste delen av kommunen. [1] Bygda har òg daglegvarebutikk, kyrkje og eldresenter. Fiskeoppdrett er ein viktig næringsveg i området, mange har arbeidet sitt på fiskeslakteriet i Instefjord inst i Risnefjorden og på oppdrettsannlegga.

Tidlegare Brekke kommune

Brekke var eigen kommune i to vender, fyrst frå 1850 til 1861 og så frå 1905 til 1964. I åra mellom var Brekke del av kommunen Lavik og Brekke.

Brekke kommune vart skipa i 1850 ved at Evenvik kommune (som seinare skifte namn til Gulen) vart deld i to. Ved skipinga budde det 898 personar i Brekke kommune. [2] Brekke var eigen kommune fram til 1861 då han vart slegen ihop med Lavik kommune på nordsida av Sognefjorden. Den nye kommunen fekk namnet Lavik og Brekke. Ved samanslåinga budde det 898 personar i Brekke kommune. [3] Lavik og Brekke kommune bestod fram til 1905 då både Brekke og Lavik vart sjølvstendige kommunar att. Ved delinga budde det 982 personar i Brekke kommune. [4] Den andre bolken for Brekke som sjølvstendig kommune varde til og med 1963. 1. januar 1964 vart Brekke ein del av Gulen kommune. Ved samanslåinga budde det 782 personar i Brekke kommune. [5]

Brekke kyrkjesokn

Brekke er eit kyrkjesokn i Gulen prestegjeld i Ytre Sogn prosti. Soknet har ei kyrkje, Brekke kyrkje frå 1862. [6] Dagens kyrkje erstatta ei tømra kyrkje frå 1590. Før det stod det ei stavkyrkje, som fyrst er nemd i kjeldene i 1827, på garden Haugland litt sørom noverande kyrkjestad. [7]

Fram til 1859 høyrde Brekke sokn til Evenvik prestegjeld (seinare kalla Gulen prestegjeld). Mellom 1859 og 1964 høyrde Brekke sokn til Lavik prestegjeld, og frå 1964 har soknet høyrd til Gulen att. [8]

Kjelder

Referansar

Andre nettstader


Mal:Ytre Sogn prosti