[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Botn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 14. januar 2013 kl. 04:38 av DragonBot (diskusjon | bidrag) (r2.7.3) (robot la til: es:Glaciar#Clasificación)

Ein botn er ein breerodert dal som ser ut som eit amfiteater. Botnane blir erodert av botnbrear og er vanlege landformer i Noreg. Botnane kan bli danna på stader det ellers ikkje er brear på grunn av lokale klimaforhold. Typiske botnar på den nordlege halvkula ligg i eit skuggeparti på ein nordvest-vendt fjellside og i le for den vanlege vindretninga, som gjer at snø blir akkumulert her.

Viss breen trekk seg bakover eller forsvinn kan endemorena nederst i botnen demme opp ein liten innsjø.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.