Aleksandra
Utsjånad
Aleksandra og Alexandra er kvinnenamn danna av mannsnamna Aleksander/Alexander. Desse er latinske former av det greske namnet Alexandros, som er danna av aléxein, 'forsvare', og andrós, 'mann'.
Den moderne italienske forma av namnet er Alessandra. Alex, Alexa, Lexie, Sandra, Sandy og Sasha er kortformer.
I 2009 var det 1 521 norske kvinner som heitte Alexandra og 708 som heitte Aleksandra. Bruken av Alexandra har vakse sidan 1960-talet, og nådde ein foreløpig topp ved byrjinga av 2000-talet, då over 0,30 % av nyfødde jenter fekk namnet.
Namnedag
[endre | endre wikiteksten]Aleksandra har namnedag den 17. februar i Noreg og Alexandra har namnedag på same dato i Sverige.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Alexandra av Storbritannia (1844-1925), danskfødd dronning av Storbritannia
- Einaste barnet til Edvard Grieg (1868-1869), fekk namnet Alexandra.
- Aleksandra Kollontaj (1872–1952), russisk revolusjonær
- Alexandra av Jugoslavia (1921-1993), greskfødd dronning av Jugoslavia
- Alexandra Elene Maclean Denny (1947-1978), britisk musikar kjend som Sandy Denny.
- Alexandra Paul (f. 1963), amerikansk skodespelar
- Alexandra av Danmark (f. 1963), dansk grevinne
- Aleksandra Mir (f. 1967), polskfødd kunstnar
- Alexandra Rotan (f. 1996), norsk MGP Junior-deltakar
- Ingrid Alexandra av Noreg (f. 2004), norsk prinsesse
I stadnamn
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aleksandra» frå Wikipedia på bokmål, den 16. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Aleksandra hjå Statistisk Sentralbyrå