[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Adam de la Halle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adam de la Halle

Statsborgarskap Frankrike
Fødd ca. 1240
Arras
Død

ca. 1288 (48 år)
Napoli

Yrke komponist, skribent, lyrikar, trouvère
Språk gamalfransk, pikardisk
Adam de la Halle på Commons

Adam de la Halle (Adam frå Halle fødd omkring 1237 i Arras i Frankrike, død 1288 i Napoli i Italia), òg kalla le bossu d'Arras ('den pukkelrygga frå Arras'), var ein fransk trubadur, diktar og musikar.

Adam de la Halle interesserte seg først for teologi før han gav opp det for å kunne gifte seg. Etter å ha skilt seg frå hustrua si brukte han resten av livet sitt på kulturen. Adam vert rekna som den første som aleine skreiv gjennomarbeida songspel - han kalla dei jeux ('spel'). Han var ein av dei første til å komponere fleirstemmig musikk friare enn tidlegare. Fleire av verka hans vart gjevne ut i nyutgåver mot slutten av 1800-talet.

Melodien til kjærleiksvisa «Kom du skjønne hjertevenn» (på tysk «Komm, o komm Geselle mein») er opphavleg komponert av Adam og inngår i songspelet Le jeu de Robin et Marion. Teksten finst òg i Carmina Burana.

  • Le jeu de Robin et Marion

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]