Ordklassar i norsk
Ordklassar i norsk er inndelinga av orda (eller meir presist leksema) i norsk etter visse kriterium. Avhengig av kva kriterium som blir lagt til grunn, vil også talet på ordklassar og detaljar i ordklasseinndelinga variere.
Ordklassane i norsk blir vanlegvis bestemte etter morfologiske og syntaktiske kriterium, dvs. orda blir klassifiserte etter korleis dei blir bøygde og etter korleis dei kan opptre i setningar. I tradisjonell grammatikk har ein også brukt tydinga av orda (semantikk) som grunnlag for inndeling i ordklassar. Dei norske ordklassane blir, som ordklassane i andre språk, delte inn i to grupper, opne og lukka ordklassar, alt etter om det er mogleg å rekne opp alle medlemene i ordklassane eller ikkje.
I standardverket Norsk referansegrammatikk (NRG) frå 1997 er det lagt størst vekt på morfologiske eigenskapar ved inndelinga i ordklassar. I andre rekkje kjem syntaktisk funksjon, medan ein ser bort frå semantiske trekk. Dette har resultert i ei ordklasseinndeling som skil seg mykje ut frå den inndelinga som var i bruk i eldre grammatikkar, ei inndeling som var basert på ei blanding av semantiske, syntaktiske og morfologiske kriterium. Framleis er det denne tradisjonelle inndelinga folk flest kjenner til, og den er framleis i bruk både i eldre lærebøker og ordlister.
Norsk Språkråd har i samarbeid med Utdanningsdirektoratet utarbeidd ei eiga ordklasseinndeling til bruk for skuleverket. Denne inndelinga følgjer i stor grad tilrådingane frå NRG, men ho skil seg frå NRG på nokre punkt.
Norsk referansegrammatikk si ordklasseinndeling
[endre | endre wikiteksten]Norsk referansegrammatikk definerer i første rekkje ordklassane etter bøyingsformer, deretter setningsfunksjonar. Som i tradisjonell skulegrammatikk er ordklassane framleis ti i talet, men nokre av dei gamle er borte, nye har kome til, og nokre har fått endra innhald. Dei ti delvis nye ordklassane er:
- Verb
- Substantiv
- Adjektiv
- Pronomen
- Determinativ
- Adverb
- Konjunksjonar
- Subjunksjonar
- Preposisjonar
- Interjeksjonar
Determinativ (bestemmarord) er ein ny ordklasse som omfattar dei tidlegare grunntala, den ubundne artikkelen, eigeformene av personlege pronomen, eigedomspronomen, peikande pronomen og ubundne pronomen. Artiklar og talord er borte som eigne ordklassar. Ordenstala er blitt adjektiv. Konjunksjonane har skrumpa inn til dei tidlegare sideordnande konjunksjonane. Subjunksjonar er ein ny ordklasse og i hovudsak lik dei tidlegare underordnande konjunksjonane. I tillegg har dei fått selskap av det tidlegare relativpronomenet som og infinitivsmerket å. Tidlegare stadadverb som her, der, oppe, heime er blitt preposisjonar.
Ny inndeling for skulen
[endre | endre wikiteksten]Ei referansegruppe nedsett av Språkrådet og Utdanningsdirektoratet laga i 2005 ei tilråding om grammatiske termar til bruk i skulen.[1] Tilrådinga inneheld dei same ordklassene som Norsk referansegrammatikk, men underklassifiseringa av determinativ skil seg litt frå NRG si inndeling. Ei gruppe av ord som NRG klassifiserer som adjektiv blir i denne inndelinga klassifisert som adverb. Samsvaret mellom referansegruppa og NRG på den eine sida og den tradisjonelle ordklasseinndelinga på den andre ser slik ut:
Gamle termar | Nye termar | Skilnad |
---|---|---|
Verb | Verb | Uendra |
Substantiv | Substantiv | Uendra |
Adjektiv | Adjektiv | Ordenstal lagt til |
Pronomen | Pronomen | Fleire undergrupper blir determinativ, som blir subjunksjon og preposisjon |
Artikkel | Determinativ | Ny ordklasse: omfattar artiklar, grunntal og nokre pronomen |
Talord | Talord går ut som ordklasse | |
Adverb | Adverb | Uendra |
Konjunksjon | Konjunksjon | Underordnande konjunksjon går over til subjunksjon |
Infinitivsmerke | Subjunksjon | Ny ordklasse: omfattar underordnande konjunksjon, infinitivsmerket å og som, enn |
Preposisjon | Preposisjon | Orda som og enn blir preposisjonar føre substantivfrasar og pronomenfrasar |
Interjeksjon | Interjeksjon | Uendra |
Determinativ eller bestemmarord er ord som avgrensar referansen til substantiv, til dømes ved tal eller bestemtheit. Det er tre typar determinativ:
- Eigedomsord (possessiv) som tidlegare vart kalla eigedomspronomen (min, vår ...)
- Peikeord (demonstrativ) som tidlegare vart kalla peikande pronomen (denne, det ...)
- Mengdeord (kvantorar) som omfattar tidlegare ubundne artiklar (ein, ei, eit), tidlegare grunntal og tidlegare ubundne pronomen (nokon, ingen, alle, kvar)
Konjunksjonar eller sideordningsord omfattar dei tidlegare sideordnande konjunksjonane (og, eller, men, for, anten...eller).
Subjunksjonar eller underordningsord er ord som innleier leddsetningar. Dei består av
- Tidlegare underordnande konjunksjonar (at, fordi, dersom, sjølv om...)
- Infinitivsmerket å
- Som og enn når dei innleier leddsetningar
Ei følgje av den nye ordklassen er at omgrepet setning har fått ei vidare tyding enn før. Tidlegare måtte ei setning minst innehalda subjekt og finitt verbal, t.d. Kari smiler. No er omgrepet utvida til å omfatta også infinitte setningar og setningar utan subjekt. I følgjande ytring innleier subjunksjonen å ei infinitt og subjektslaus setning: Kari likar å ikkje svara på dumme spørsmål. I denne ytringa følgjer ei subjektlaus setning etter subjunksjonen som: Kari likar gutar som ikkje er slemme.
Preposisjonar er ord som uttrykkjer eit forhold og innleier ei substantivfrase eller pronomenfrase. Preposisjonane er dei same som før. Ifølgje Janne Bondi Johannessen og Kristin Hagen bør dei også få selskap av som og enn når desse orda står føre substantivfrasar og pronomenfrasar.[2] Tilrådinga seier ikkje noko om dette tilfellet, men Norsk referansegrammatikk går inn for dette.
Tradisjonell inndeling
[endre | endre wikiteksten]I norsk har det vore vanleg å rekna med ti ordklassar som blir definerte dels ut frå bøyingsformer, dels ut frå setningsfunksjonar og dels ut frå tydingar. Definisjonar ut frå tydingar blir no stort sett berre brukte i skulen som eit pedagogisk hjelpemiddel. Dei ti tradisjonelle ordklassane er:
Infinitivsmerket å passar ikkje inn i denne inndelinga, og har nærmast blitt rekna som ein eigen ordklasse.
Mange av ordklassane kan delast vidare i undergrupper. Substantiv blir tradisjonelt delt i undergruppene særnamn og samnamn. Talorda blir delte i grunntal og ordenstal. Pronomena har mange undergrupper: personlege pronomen, eigedomspronomen, peikande pronomen, spørjepronomen, refleksivt pronomen, resiproke pronomen, relative pronomen, ubundne pronomen. Konjunksjonane omfattar tradisjonelt sideordnande konjunksjonar og underordnande konjunksjonar. Interjeksjonane har undergruppene svarord og utropsord.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Grammatiske termer til bruk i skoleverket. Sist vitja 20. mars 2010.
- ↑ Janne Bondi Johannesen og Kristin Hagen: Nye grammatiske termer i skoleverket, Språknytt nr. 2, 2007 Sist vitja 20. mars 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Jan Terje Faarlund, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo, 1997: Norsk referansegrammatikk, Universitetsforlaget, ISBN 82-00-22569-0.
- Melding av Norsk Referansegrammatikk ved professor Dag Gundersen