[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Olav Thon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 16. november 2024 kl. 18:17 av Njardarlogar (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Olav Thon

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. juni 1923
Ål
Død

16. november 2024 (101 år)

Yrke eigedomsinvestor, velgjerar, hotelleigar, eigedomsutviklar, forretningsmagnat
Medlem av Med Israel for fred, Den Norske Turistforening, Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Olav Thon på Commons

Olav Thon (29. juni 192316. november 2024) var ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal. Han gjorde store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesenter, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og var som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han var kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue.

Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016

I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og vart børsnotert.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]