Ola Bratteli
Ola Bratteli | |||
| |||
Fødd | 24. oktober 1946 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 8. februar 2015 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | matematikk | ||
Yrke | matematikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Ola Bratteli (fødd 24. oktober 1946 i Oslo, død 8. februar 2015) var ein norsk matematikar, kjent for Bratteli-diagramma som blir nytta i gruppeteori. Politikaren Trygve Bratteli var far hans.
Etter Oslo katedralskole studerte han til cand.mag. og cand.real. i matematikk ved Matematisk institutt ved Universitetet i Oslo (1967-71). Avhandlinga Inductive limits of finite dimensional C* -algebras omhandla operatoralgebraer og Bratteli-diagram, og gav karakteren 1,1 skriftleg og 1,0 munnleg.[1] Arbeidet har gjeve mange teoretiske bruksområde og han har over hundre publikasjonar, mange med rettleiaren sin Erling Størmer, og med det tileigna seg eit Erdős-tal lik 3.
Bratteli jobba som stipendiat ved New York University (1971-73) og avla sin dr.philos. ved Universitetet i Oslo (1974). Utover ei rekkje kortare opphald som professor og forskar verda over, arbeidde Bratteli som professor ved NTH (1980-91) og professor ved Universitetet i Oslo (1991-2015).
Utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- Operator Algebras and Quantum Statistical Mechanic (Springar-Verlag, 2 volum, 1980). Med Derek W. Robinson.
- Derivations, Dissipations and Group Actions on C* -algebras (Springar-Verlag, 1986)
- Wavelets through a looking glas, the world of the spectrum Birkhäuser, 2002). Med Palle T. Jørgensen
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- professor Ingerid Dal og syster Ulrikke Greve Dals til støtte av humanistisk forsking (2001). Kr 200 000.
- Nansenfondets pris for for fremragende forsking frå Det Norske Videnskaps-Akademi (2004)
- Noregs Forskningsråds pris for fremragende forsking (2004). Delt med Erling Størmer.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ola Bratteli» frå Wikipedia på bokmål, den 12. september 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Supereksamen for Bratteli jr. i VG (16.6.71)
- ↑ Fremragende matematikere Arkivert 2007-10-24 ved Wayback Machine. fra forskning.no
- Einskildmenn
- Fødde i 1946
- Døde i 2015
- Norske matematikarar
- Norske matematikkprofessorar
- Professorar ved NTNU
- Professorar ved Universitetet i Oslo
- Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
- Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi
- Medlemmar av Det kongelege danske vitskapsakademiet
- Matematikarar på 1900-talet
- Matematikarar på 2000-talet