[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Offertorium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 15. august 2015 kl. 07:55 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (La til ordsoge, kat.)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Offertoriet ved ei tridentinsk messe.

Offertorium (av latin offero, 'bera fram') er eit omgrep nytta om framberinga av brød og vin som innleiar nattverdsliturgien i den romersk-katolske messa. I høgmesser skjer dette ofte i form av ein prosesjon der pengegåver, tidlegare òg naturalia, vert bore fram saman med brødet og vinen.

Offertorium er òg antifonen eller omkvedet til Davidssalma som vert sungen under offergangen.