[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Mellau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 22. mars 2016 kl. 01:51 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Mellau i 2007

Mellau er ein kommune i Bregenzerwald i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 40,6 km² og hadde 1 301 ibuarar i 2013. Landsbyen Mellau ligg 688 meter over havet. Kommunen er sterkt prega av hovudnæringa turisme.

Ein storbrann i 1870 la kyrkja, prestegarden, skulen og 18 andre bustadhus i oske. I januar 1954 omkom fire menneske i snøras som råka Mellau. Ein såkalla hundreårsflaum gjorde stor skade i 2005.