[go: up one dir, main page]






Teke frå Wikikilden

Informasjon
Opphav: Arne Garborg

Kjelde:«Fuglar» (dikt)
Haugtussa (diktsamling)
År: 1895
Kontekst: Heluna er eit anna namn for heilo.

Stikkord
heilo
fuglar
fuglesong
glede
sorg
gråt
hjarte

Men Heluna, vene brune Fuglen
med svarte Fløyels Barm, —
kvar Gong ho fløytar paa lynggraa Tuve,
daa vert eg i Hjarta varm.

Men Heluna, vene brune Fuglen,
som stig meg so stilt imot, —
kvar Gong ho fløytar paa lynggraa Tuve,
det græt meg i Hjarterot.

Heilo


Men Heluna, vene brune Fuglen
med svarte Fløyels Barm, —
kvar Gong ho fløytar paa lynggraa Tuve,
daa vert eg i Hjarta varm.

Men Heluna, vene brune Fuglen,
som stig meg so stilt imot, —
kvar Gong ho fløytar paa lynggraa Tuve,
det græt meg i Hjarterot.

  Arne Garborg



Teke frå nb.no

Informasjon
Opphav: Solveig Sindre

Kjelde:«Fjellstilla» (dikt)
Levande røter (diktsamling)
Opphavleg mål: Nynorsk
År: 1995

Stikkord
stille
fjell
sus
fuglesong
sauar
bjøller

Stilla her oppe er av eit særskild slag.
Her er ikkje telefon,
og det tek henne om lag tre år å gå ned til bilveg.
Trafikklydar når ikkje opp hit.
Bekkesus og fuglesong er på sett og vis del av stilla.
Sauebjøller glid så fint inn.


Stilla her oppe er av eit særskild slag.
Her er ikkje telefon,
og det tek henne om lag tre år å gå ned til bilveg.
Trafikklydar når ikkje opp hit.
Bekkesus og fuglesong er på sett og vis del av stilla.
Sauebjøller glid så fint inn.

  Solveig Sindre



Opphavleg tekst:


«京にても
京なつかしや
時鳥
(frå carlsensei.com


Transliterasjon:

kyou nitemo
kyou natsukashi ya
hototogisu


Informasjon
Opphav: Matsuo Basho
Opphavleg mål: Japansk

Periode: Edotida
Kontekst: Haikuen er omsett til nynorsk av Ranveig Thattai, basert på den engelske omsetjinga av Robert Hass:

Even in Kyoto
hearing the cuckoo's cry
I long for Kyoto.
Stikkord
Kyoto
sakn
gaukar
fuglesong
haiku

Også i Kyoto
kjem saknet etter Kyoto
når gauken gjeler

Frå Sanzenin-tempelet i Kyoto.


Også i Kyoto
kjem saknet etter Kyoto
når gauken gjeler

  Matsuo Basho