[go: up one dir, main page]

Rumpetroll er larvene til halelause amfibium. Dei lever i vatn, andar med gjeller og har lang symjehale. Etter få dagar mistar dei dei utvendige gjellene og går over til å ande med indre gjeller i eit gjellekammer. Dette opnar seg i ein til to traktforma andehol på hudoverflata. Under den vidare utviklinga vert gjellene og halen tilbakedanna og det vert utvikla bein og dei krabbar på land.

Dei forskjellige stadia til rumpetroll

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rumpetroll