[go: up one dir, main page]

Kaupang

handelsstad
Versjonen frå 26. august 2008 kl. 15:18 av VolkovBot (diskusjon | bidrag) (robot la til: it:Kaupang)

Kaupang er eit norrønt ord for handelsstad. Ordet har i eldre tider vorte nytta om stader eller byar der det går føre seg verksemd knytt til handel, og har fleire stader rett og slett vorte eit stadnamn.

Det finst fleire stader i Noreg som kunne verta kalla Kaupang. Kaupang i Tjølling, Kaupanger i Sogn, Koppang i Østerdalen, Kaupangen i Trøndheimen og Hamarkaupangen.

Ordet tilsvarar det svenske ordet «köping». Jamfør òg kaupunkifinsk, som tyder by.

Historiske kaupangar

Skiringssal i Vestfold fylke er rekna som den eldste bydanninga i Noreg frå kring 800. Byen vart bygd opp i vikingtida og låg ikkje langt frå Gokstad sør i fylket. Ved Gokstad fann ein på 1800-talet Gokstadskipet i ein gravhaug.

Andre tilsvarande byar i Norden var Birka (kring 750) i Sverige, Ribe (kring 710) og Hedeby (kring 810) på Sør-Jylland (nå Slesvig) i Danmark.

Eit sams drag ved byane var at dei låg godt plassert i høve til transport. Byane låg gjerne ved ei elv, med tilgjenge til ei god hamn ut mot havet.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff