Kaupang
Kaupang er eit ord som er nytta som stadnamn. Ordet har òg vorte nytta om stader eller byar der det går føre seg verksemd knytt til handel.
Det finst fleire stader i Noreg som kunne verta kalla Kaupang. Kaupang i Tjølling, Kaupanger i Sogn, Koppang i Østerdalen, Kaupangen i Trøndheimen og Hamarkaupangen.
Ordet er tilsvarande det svenske ordet «köping». Jamfør òg kaupunki på finsk, som tyder by.
Historiske kaupangar
Skiringssal i Vestfold fylke er rekna som den eldste bydanninga i Noreg frå kring 800. Byen vart bygd opp i vikingtida og låg ikkje langt frå Gokstad sør i fylket. Ved Gokstad fann ein på 1800-talet Gokstadskipet i ein gravhaug.
Andre tilsvarande byar i Norden var Birka (kring 750) i Sverige, Ribe (kring 710) og Hedeby (kring 810) på Sør-Jylland (nå Slesvig) i Danmark.
Eit sams drag ved byane var at dei låg godt plassert i høve til transport. Byane låg gjerne ved ei elv, med tilgjenge til ei god hamn ut mot havet.
Sjå òg
- Bjarkøyrett (Bjärköarätt) - lovverk som styrde livet på handelsstader og i byar i Norden.
- Byar i mellomalderen
- Norske mellomalderbyar