[go: up one dir, main page]

Eriocnemis er ei biologisk slekt av kolibriar, som saman med artar i slekta Haplophaedia er kjente under fellesnamnet 'dunfot'. Dei lever i fuktig skog og buskar i høgder på 1000-4800 moh. i Andesfjella i Argentina, Bolivia, Peru, Ecuador, Colombia og Venezuela. Hannen har ein fargerik grøn, koparraud eller blå fjørdrakt, og hoene er vanlegvis litt avdempa i fargene. Det meste slåande trekket ved begge kjønn i slekta Eriocnemis er dei tette, runde, snøkvite dunputene rundt leggene. Putene består av fjørduskar. Ein art, svartbuksedunfot, er prega av svartfarga fjørduskar. Dei fleste har ein kontrast blå, lilla eller koparraud undergump, men dette er grønt hos svartbuksedunfot og kvitbrystdunfot, Eriocnemis aline. Andre fellestrekk for alle artar er rett, svarte nebb og lite til djupt kløfta hale. Slektnamnet vart skapt av den tyske naturforskaren Ludwig Reichenbach som kalla dei 'snøtruser'.

Eriocnemis
Langhaledunfot, Eriocnemis luciani Foto: Michael Woodruff
Langhaledunfot, Eriocnemis luciani
Foto: Michael Woodruff
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Heliantheini
Slekt: Eriocnemis
Reichenbach, 1849

Medan mange medlemmar av denne slekta enno er ganske vanlege, er to artar sterkt truga, ein art kritisk truga og ein art, turkisstrupedunfot, Eriocnemis godini, er moglegvis utdøydd.

Artslista

endre

Eriocnemis i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Svartbrystdunfot, Eriocnemis nigrivestis, Black-breasted puffleg, (Bourcier & Mulsant, 1852), (EN)
  • Juveldunfot, Eriocnemis isabellae, Gorgeted puffleg, Cortés-Diago, Ortega, Mazariegos-Hurtado & Weller, 2007, (CR)
  • Purpurstrupedunfot, Eriocnemis vestita, Glowing puffleg, (Lesson, RP, 1839), (LC)
  • Svartbuksedunfot, Eriocnemis derbyi, Black-thighed puffleg, (Delattre & Bourcier, 1846), (NT)
  • Turkisstrupedunfot, Eriocnemis godini, Turquoise-throated puffleg, (Bourcier, 1851), (CR (PE))
  • Koparbukdunfot, Eriocnemis cupreoventris, Coppery-bellied puffleg, (Fraser, 1840), (NT)
  • Langhaledunfot, Eriocnemis luciani, Sapphire-vented puffleg, (Bourcier, 1847), (LC)
  • Gullbrystdunfot, Eriocnemis mosquera, Golden-breasted puffleg, (Delattre & Bourcier, 1846), (LC)
  • Blåpannedunfot, Eriocnemis glaucopoides, Blue-capped puffleg, (d'Orbigny & Lafresnaye, 1838), (LC)
  • Regnbogedunfot, Eriocnemis mirabilis, Colorful puffleg, Meyer de Schauensee, 1967, (EN)
  • Kvitbrystdunfot, Eriocnemis aline, Emerald-bellied puffleg, (Bourcier, 1843), (LC)

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eriocnemis