Giurgiu
Giurgiu er ein by i Romania og fylkeshovudstad i Giurgiu fylke. Han ligg i ein region som ein gong vart kalla Vlaşca. Han ligg midt på ei mudderflate på venstresida av Donau tvers ovanfor byen Ruse i Bulgaria. Det ligg tre små øyar i elva utanfor byen og den største av desse vernar om ei hamn. Nord for byen ligg eit rikt kornområde som vert kryssa av ei jernbanelinje til Bucureşti, den første linja som opna i Romania (1869). Giurgiu eksporterer tømmer, korn, salt og petroleum.
Giurgiu | |||
---|---|---|---|
Klokketårnet i Giurgiu | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Giurgiu | ||
Borgarmeister | Lucian Iliescu | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) |
68 923 | ||
Koordinatar | 43°54′03″N 25°58′26″E / 43.90083°N 25.97389°E | ||
Høgd over havet | 25 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 080301 | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 46 | ||
Bilnummer | GR | ||
Nettstad: www.primaria-giurgiu.ro |
Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse ligg i nærleiken av byen og er den einaste som kryssar Donau mellom Bulgaria og Romania.
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Giurgiu» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2008.