300-talet fvt.
hundreår
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Viktige hendingar
- 393 fvt.: Muthis blei konge av Egypt etter far sin, men blei avsett av Psammuthis.
- 393 fvt.: Amyntas III blei konge av Makedonia
- 342 fvt: Den bulgarske byen Plovdiv, som då heitte Eumolpia vart erobra av Filip II av Makedonia og omdøypt til Filippopolis.
- 332 fvt.:
- Makedonarkongen Aleksander den store avslo forslag om fred og vennskap frå Darius III av Persarriket, og gjekk inn i Mesopotamia.
- Aleksander den store okkuperte Damaskus og erobra Tyr etter ei beleiring på sju månader. Den motstridige byen blei jamna med jorda og kvinner og barn derfrå selde som slavar.
- Den makedonske generalen Parmenion blei igjen i Syria medan Aleksander marsjerte sørover. I Gaza møtte han sterk motstand og fekk ein alvorleg skulderskade.
- Aleksander den store erobra Egypt frå persarane utan problem, og framstod som ein ny farao. Han grunnla byen Alexandria ved kysten av Middelhavet.
- Aten blei utestengd frå dei olympiske leikane etter at ein atlet, Callippos, blei funnen skyldig i juks. Då atleten ikkje kunne og byen ikkje ville betala boten for dette, blei Aten utestengd.
Asia
- Makedonarane, leia av Aleksander den store, overvann Persarriket.
- Seleucus I Nicator etablerte seleucidedynastiet i Babylon.
Europa
- Keltarar kom til Irland
- Gallarane vann slaget ved Allia og plyndra deretter Roma
- Romarane erobra Abruzzi og nedgangen for etruskarane tok til.
Kultur
- Romarane bygde sin første akvedukt.
- Kinesarane tok i bruk blåsebelgar.
- Tollundmanden blei drepen og senka i ei myr i Danmark.
Fødde
- 384 fvt.: Aristoteles
- 372 fvt.: Mencius
Døde
- 399 fvt.: Sokrates (drakk gift)
- 393 fvt.: Nepherites I av Egypt
- 322 fvt.: Aristoteles
Viktige personar
- Platon, gresk tenkjar (ca.427–347 f.Kr.)
- Aristoteles, gresk tenkjar og vitskapsmann (384–322 f. Kr.)
- Philip II av Makedonia (382–336 f.Kr.)
- Darius III av Persarriket (-380–330 f.Kr.)
- Mencius, kinesisk tenkjar og vismann (371–289 f.Kr.)
- Ptolemaios I Soter, grunnleggjaren av ptolemeardynastiet (ca.367–283).
- Shang Yang, stasminister og reformator for Qin (verka 361–338).
- Seleucus I Nicator, grunnla seleucidedynastiet (ca.358–281 f.Kr.).
- Aleksander den store, konge av Makedonia, erobra store delar av Asia fram til India (356–323 f. Kr. ).