[go: up one dir, main page]

Zagreb er hovudstaden og den største byen i Kroatia. Zagreb er det kulturelle, vitskaplege, økonomiske, politiske og administrative senteret i Kroatia, og husar mellom anna Parlamentet, presidenten og regjeringa i landet. I 2001 hadde byen eit innbyggjartal på 779 145. Byen ligg mellom sørsida av fjellet Medvednica og nordsida av elva Sava i ei høgd 120 meter over havet.

Zagreb
Horisonten til Zagreb
Horisonten til Zagreb
Flagget til Zagreb Byvåpenet til Zagreb
Flagget til Zagreb

Kallenamn
«Beli Zagreb grad ('Den kvite byen Zagreb')»
Styresmakter
Land
Fylke
Kroatia
Zagreb
Geografi
Flatevidd 641,2, 305,8 km²
Flatevidd
 - By

641,4 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik
 - Storbyområde

771 145
  1 216/km²
1,1 mill.
Koordinatar 45°48′N 15°58′E / 45.800°N 15.967°E / 45.800; 15.967
Høgd over havet 120 m
Tidssone UTC+01:00, Sentraleuropeisk sommertid (UTC)
Diverse anna
Postnummer 10000
Telefon-retningsnummer 01
Bilnummer ZG
Heimeside: www.zagreb.hr
Plassering
Plassering i Kroatia
Plassering i Kroatia
Plassering i Kroatia

Byen ligg plassert i den sørvestlege delen av Den pannoniske sletta, som strekkjer seg mellom Alpane, Dei dinariske Alpane og Adriahavet, og er derfor eit strategisk knytepunkt for trafikk mellom Sentral-Europa og Adriahavet.

Transportknutepunktet, industrien, og dei vitskaplege institusjonane gjer byen til det største økonomiske senteret i Kroatia.

Byen vart grunnlagd på 1000-talet, og er i dag eit eige fylke. Zagreb vart aldri ein del av Det osmanske riket, som mykje av nærliggande områda var. Derfor er ikkje gamle bygningar øydelagde, som i mange andre byar i det tidlegare Jugoslavia. Zagreb er ein fleirreligiøs by med romersk-katolsk erkebiskop, gresk-ortodoks erkebiskop, protestantisk biskop, ein storrabbin og ein muslimsk mufti.

Zagreb har ein internasjonal flyplass.

Attraksjonar

endre

Det finst mange sjåverdige stader i Zagreb, som til dømes Gornji Grad (sjå nedanfor), Zagreb katedral, Jelacictorget, Tomislavtorget, Strossmayerovtorget, Det kroatiske nasjonalteateret og Mimaramuseet.

Gornji Grad

endre

Gamlebyen i Zagreb heiter «Gornji Grad» (Øvrebyen) og inneheld mange gamle bygningar, som Sankt Marks kyrkje, parlamenta, Steinporten og Lotrščak-tårnet, der ein kvar dag klokka tolv avfyrer ein kanonsalutt.

Galleri

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Zagreb