[go: up one dir, main page]

Yoga er eit omgrep med ulike tydingar. I dag viser det som oftast til fysiske og mentale teknikkar, som praktiserast for personleg utvikling av kropp og sinn. Nokre vel også å sjå yoga som ein spirituell eller religiøs praksis.

Tsjolaakulptur av yogagudinne frå Tamil Nadu på 900-talet.

Yoga har mange ulike retningar med ulikt verdigrunnlag, syn på verda og kva mennesket er. Dette gjev ulik forståing av kva yoga er, kva teknikkar som skal brukast, og korleis desse teknikkane skal praktiserast. Det er vidare usemje om kva som skal vere dei pedagogiske rammene for læring av slike teknikkar.

Tradisjonelt er yoga knytt til hinduismen. I denne samanhengen viser det ofte til ei filosofisk retning innan religionen. Yoga blir her forstått som å byggje på samkhya, ein av dei seks tradisjonelle skulane innan indisk filosofi. Kjernen til retninga er bruken av fleire teknikkar for å sameina sjelen og det guddommelege, mellom anna andeleg reinsking av kroppen. I moderne vestleg samanheng blir ordet hovudsakleg brukt om ei rekke kroppsøvingar som kan brukast til trening, avspenning og meditasjon. Yoga blir også brukt i djainismen, buddhismen og fleire nyare religiøse retningar.

Innan nokre tradisjonar blir yoga brukt til å opna energipunkt som blir kalla chakra.

Bakgrunn

endre
 
Skisse av ein mann i ei yogastilling med ulike chakraer innteikna. Innan nokre tradisjonar blir yoga brukt til å opna chakraene.

Sanskritordet «yoga» tyder 'sameining', og kan forståast som ulike samanføringar, til dømes av kroppen med tanken eller sjølvet med det guddommelege. Ulike typar yoga kan dermed visa til ulike forbetringsmetodar, til dømes bhakti-yoga, karma-yoga og jñana-yoga. Ulike typar yoga, eller måtar å nærma seg Gud på, blir også omtalt i det viktige hinduverket Bhagavadgita. Yoga-sutraene, skrivne av Patañjali rundt 100-talet f.Kr., samanfatta fleire yogametodar, og hans system blir ofte kalla raja-yoga, 'kongeleg yoga'.

Patañjali omtalar yoga som «åtte-lemma». Dei første fem delane er ytre hjelparar: Yama (atterhald), niyama ('normfølging'), asana ('sitjing'), pranayama ('puststyring') og pratyahara ('tilbaketrekking'). Dei tre siste er indre hjelpemiddel: Dharana ('fasthalding', det å fokusera på ein enkelt ting over lang tid), dhyana (konsentrert meditasjon) og samadhi ('samling av sjølvet') som skal vera nødvendige for å sleppa laus frå ringen av gjenfødsel.

Etterkvart blei andre retninger utvikla, til dømes hatha yoga, som omfattar diett, reinsing, pusteteknikkar og kroppsstillingar. Denne retninga blir ført tilbake til asketen Gorakhnath, som skal ha levd på 1000-talet, og er blitt kjend verda over som «yoga». Hatha yoga omfattar både asana (fysiske yogastillingar), pranayama (pusteteknikkar), dhyana (meditasjon), dharana (konsentrasjonsteknikkar), og shatkarma (renselsesteknikkar).

 
Meditasjon i lotusstillinga.
Foto: Jesús Bonilla (Tanumânasî)
Video av yogarekkja Surya namaskar, 'Solhelsinga'.

Moderne yoga

endre

Fleire seinare hinduar har samanfatta eller utvikla nye retningar innan yoga. Tenkjaren Sri Aurobindo utvikla til dømes syntesen purna yoga, 'komplett yoga', tidleg på 1900-talet. På denne tida byrja også yoga-filosofi og utøving å bli spreidde i Vesten. Mellom anna grunnla Paramahansa Yogananda organisasjonen Self-Realization Fellowship i USA i 1920. I løpet av hundreåret blei opplæring i yoga-teknikkar, særleg yogastillingar (asana) og kontrollert pusting (pranayama), tilbodne i store delar av verda, med eller utan religiøst innhald. I Noreg blei yogaundervisning vanleg frå 1960-talet.

Kjelder

endre
  • «Hatha Yoga», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online, 2009 
  • «Yoga», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online, 2009 
  • «yoga», Philip's World Encyclopedia, Oxford Reference Online. Oxford University Press, 2008 

Bakgrunnsstoff

endre

Yogaundervising i Noreg

endre