Xining
Xining eller på tibetansk Silung eller Ziling er eit kinesisk byprefektur som er hovudstad i provinsen Qinghai i det vestlege Kina. Folkesetnaden innan grensene er estimert til 783 000, men heile prefekturet har 1,11 millionar innbyggjarar (2004).
Xining 西宁 (pinyin Xīníng) ཟི་ནིང་ (Silung eller Ziling) | |
---|---|
Tidlegare namn | tradisjonell kinesisk 西寧, Wylie: Zi-ning |
Frå Folkets Park i Xining. | |
Styresmakter | |
Land Provins |
Folkerepublikken Kina Qinghai |
Geografi | |
Flatevidd | 7 606,78 km² |
Flatevidd - By |
7372 km² |
Innbyggjarar - By (2010; 2020) - folketettleik |
2,177,900 295.4/km² |
Koordinatar | 36°38′N 101°46′E / 36.633°N 101.767°E |
Høgd over havet | 2275 m |
Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
Diverse anna | |
Postnummer | 810000 |
Telefon-retningsnummer | 971 |
Bilnummer | A |
Heimeside: http://www.xining.gov.cn/ | |
Nettstad: xining.gov.cn | |
Plassering | |
Historie
endreByen vart grunnlagt på 200-talet f.Kr., då Han-dynastiet etablerte ein garnison her. Opp gjennom hundreåra vart staden i periodar herska av kinesarane, tidvis av tributtstatar eller av folk som låg i konflikt med Kina.
Byen vert rekna som del av den tibetanske kulturregion og tidlegare provinsen Amdo.
Byen hadde i 1940-åra kring 50 000 innbyggjarar, men er sidan vakse til millionby.
Rundt 90 km utanfor Xining er ein arbeidsleir der ein under Kulturrevolusjonen heldt innesperra overhovudet for eit lamaistisk kloster og 200 bonser. Dei utførte tvangsarbeid i ein fabrikk for bildelar.
Xiningjordskjelvet 1927
endreDen 23. mai 1927 vart Xining råka av eit jordskjelv som målte 7,6 på Richterskalaen. Det omkom 41 000 menneske og landforskyvingane var store.
Administrative einingar
endreByprefekturet Xining har jurisdiksjon over 4 distrikt (区 qū), 2 fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke (自治县 zìzhìxiàn).
Kart | # | Namn | Hanzi | Pinyin | Folkesetnad (2003 est.) | Areal (km²) | Tettleik (/km²) |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Distrikt | |||||||
1 | Chengzhong | 城中区 | Chéngzhōng Qū | 150 000 | 11 | 13 636 | |
2 | Chengdong | 城东区 | Chéngdōng Qū | 230 000 | 115 | 2 000 | |
3 | Chengxi | 城西区 | Chéngxī Qū | 220 000 | 79 | 2 785 | |
4 | Chengbei | 城北区 | Chéngběi Qū | 200 000 | 138 | 1 449 | |
Fylker | |||||||
5 | Huangyuan | 湟源县 | Huángyuán Xiàn | 140 000 | 1 609 | 87 | |
6 | Huangzhong | 湟中县 | Huángzhōng Xiàn | 470 000 | 2 430 | 193 | |
Autonome fylker | |||||||
7 | Datong (For huiane og tuane) |
大通回族 土族自治县 |
Dàtōng Huízú Tǔzú Zìzhìxiàn |
430 000 | 3 090 | 139 |
Samferdsel
endreRiksveg 109 går gjennom området. Han knyter Beijing saman med Lhasa i den autonome regionen Tibet. Han går vestover frå Beijing via Datong, Yinchuan, Lanzhou og Xining til Golmud før han vender sørvestover mot Lhasa.
Riksveg fører frå Xining til Jinghong i Yunnan.
Riksveg 227 fører frå Xining til Zhangye i provinsen Gansu.
Riksveg 315 byrjar i Xining og fører til Kashgar (Kashi) i Xinjiang.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Xining» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Andreas Gruschke: "Demographie und Ethnographie im Hochland von Tibet", i: Geographische Rundschau, 49 (1997), Heft 5, s. 279-286
- Andreas Gruschke: "The Cultural Monuments of Tibet’s Outer Provinces: Amdo Arkivert 2011-07-19 ved Wayback Machine.", 2 bind, White Lotus Press, Bangkok 2001.