[go: up one dir, main page]

Warszawa

(Omdirigert frå Warsawa)

Warszawa (tysk Warschau, engelsk Warsaw ) er hovudstaden i Polen og den største byen i landet. Byen ligg ved elva Wisła, om lag 350 km sør for Austersjøen og like langt nord for Karpatane. Byen hadde om lag 1,86 mill. innbyggjarar i 2021, med 3,35 mill. i storbyområdet. Byen dekkjer eit område på 517,24 km², medan storbyområdet dekkjer 6 100,43 km² (Obszar Metropolitalny Warszawy - Storbyområdet Warszawa). Warszawa er den åttende største byen i EU.

Warszawa
hovudstad
Flagg
Symbol
Motto: Semper invicta – «Alltid uslåeleg»
Land  Polen
 Voivodskap Masoviske
Høgd 78–121 m
Areal 517 km²
Folketal 1 860 281 (31. mars 2021)[1]
Byrettar Byrjinga av 1200-talet
Postnummer 00-001 til 04-999
Retningsnummer +48 22
Bilnummer WA, WB, WD, WE, WF, WH, WI, WJ, WK, WN, WT, WU, WW, WX, WY
Kart
Warszawa
52°13′48″N 21°00′40″E / 52.23°N 21.011111111111°E / 52.23; 21.011111111111
Wikimedia Commons: Warsaw

Geografi og klima

endre

Warszawa ligg på begge sider av Wisła. Han ligg midt på Den masoviske sletta i ei høgd på om lag 78–121 meter over havet.

Klimaet i Warszawa er fuktig kontinentalt. Middeltemperaturen er –2 °C i januar og 18 °C i juli. Temperaturen når ofte 30 °C om sommaren. Den normale årsnedbøren er 680 mm og den våtaste månaden er juli, hovudsakleg i form av regnbyger.

Historie

endre
 
Warszawa våren 1939, like før utbruddet av andre verdenskrig.

Før 1200-talet var ikkje Warszawa noko meir enn ein fiskarlandsby. Byen vert nemnd fyrste gong i 1241, og fekk byrettar (Magdeburg-rettar) i 1334. Byen vart sete for hertugen av Masovia, og i 1596 vart byen hovudstad for det svenske Vasa-dynastiet som herska over Polen-Litauen. Byen har gjennom historia vore okkupert av mange naboland, mellom anna Sverige, Tyskland og Russland.

Under den andre verdskrigen var det to opprør i byen. Alle jødane i byen vart pressa saman i ghettoen, der mange døydde av svolt. Då ordren kom om å utslette Warszawa-ghettoen, gjekk jødiske motstandsfolk til aksjon, den 19. april 1943, i det som skulle bli kjent som Oppreisten i Warszawaghettoen i 1943. Dei heldt ut i nesten ein heil månad, trass i at dei var dårleg væpna og underlegne i tal. Då kampane tok slutt, vart nesten alle overlevande ghettobuarar drepne, berre nokre få klarte å rømme eller gøyme seg.

Warszawa-opprøret i 1944 vara i 63 dagar, der den polske undergrunnshæren kjempa for å gjera hovudstaden fri frå dei tyske okkupantane. Etter massiv gjengjelding frå tyskarane og deira allierte styrkar, mista over 200 000 menneske livet. Etterpå vart byen systematisk øydelagd. Dei attlevande polakkane vart sette i tyske leirar fram til den raude arméen «frigjorde» byen. Delar av gamlebyen vart etter krigen gjenoppbygd som ein kopi av den øydelagde byen. Kulturpalasset i Warszawa er derimot eit døme på stalinistisk arkitektur.

Kjende personar frå Warszawa

endre

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Warszawa