Vilhelm
mannsnamn
Vilhelm og Wilhelm er mannsnamn av gammaltysk opphav, sett saman av delane wil som betyr 'vilje' og helm som betyr 'hjelm'.
Namnet oppstod som Willahelm og Willihelm, men spreidde seg i mellomalderen gjennom Europa med ei rekkje former. I Noreg blei det henta inn frå engelske rundt 1100 som Vilhjalmr, Viljamr og liknande. Andre former er fransk Guillaume, italiensk Guglielmo, litauisk Vilius og Viliumas, ungarsk Vilmos og nederlandsk Willem.
I England blei forma William utbreidd på grunn av Vilhelm Erobraren (eng. William the Conqueror). Wilhelm Tell er namnet på helten i ei alpesoge frå 1300-talet.
Namneberarar
endreMonarkar
endre- Vilhelm Erobraren, engelsk konge frå 1066
- Vilhelm II av England, engelsk konge frå 1087
- Vilhelm III av England, engelsk konge frå 1689
- Vilhelm IV, britisk konge frå 1830
- Vilhelm II av Nederlanda, nederlandsk konge frå 1840
- Vilhelm III, nederlandsk konge frå 1849
- Vilhelm I av Tyskland, tysk keisar frå 1871
- Vilhelm II av Tyskland, tysk keisar frå 1888
Andre
endre- Wilhelm Tell, sveitsisk segnfigur
- Vilhelm av Tyrus (ca. 1130-1186), biskop og historikar i Kongedømet Jerusalem
- Vilhelm av Sabina (rundt 1184–1251), italiensk kardinalbiskop som var med på kristninga av Nord-Europa
- Wilhelm Fabry (1560–1634), tysk banebrytande kirurg
- Wilhelm Reinhard von Neipperg (1684-1774), austerriksk general
- Vilhelm August, hertug av Cumberland (1721-1765), britisk prins og offiser
- Vilhelm Sandberg (1809-1871), norsk stortingsmann
- Vilhelm Andreas Wexelsen (1849-1909), norsk stortingsmann
- Vilhelm Beck (1829-1901), dansk prest og formann i den danske indremisjonen.
- Vilhelm Bergsøe (1835–1911), dansk forfattar og zoolog
- Vilhelm Dahlerup (1836–1907), dansk arkitekt
- Wilhelm Bugge (1838-1896), norsk biskop og stortingsmann
- Wilhelm Röntgen (1845–1923), tysk fysikar
- Vilhelm Bjerknes (1862–1951), norsk fysikar og meteorolog.
- Wilhelm Peterson-Berger (1867-1942), svensk komponist
- Vilhelm Buhl (1881–1954), dansk politikar
- Vilhelm Ekelund (1880–1949), svensk forfattar
- Wilhelm Bjørknes (1884-1969), norsk kunstmålar
- Vilhelm Moberg (1898–1973), svensk forfattar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wilhelm» frå Wikipedia på svensk, den 21. april 2009.