[go: up one dir, main page]

Vassmelon (Citrullus lanatus) er ein melonplante i graskarfamilien. Han stammar frå sørlege Afrika, men blei dyrka i middelhavslanda og Orienten alt før byrjinga av vår tidsrekning.

Vassmelon
Vassmelon
Vassmelon
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Cucurbitales
Familie: Graskarfamilien Cucurbitaceae
Stamme: Benincaseae
Slekt: Citrullus
Art: Vassmelon C. lanatus
Vitskapleg namn
Citrullus lanatus
Vassmelon i Bulgaria.
Heile og oppskorne vassmelonar.

Planten har flikete blad og 3–20 kg store frukter med skal som er glinsande, lêraktig, grønt (eventuelt kvitflekka eller stripete) og lyseraudt, gult, oransje eller kvitt, velsmakande fruktkjøt med mange svarte frø. Frøa ligg spreidd i fruktkjøtet, i motsetnad til til dømes sukkermelon som har frøa samla i ei kjerne. Det fint også steinfrie sortar.

Vassmelon er svært vasshaldig (92 % vatn) og leskande. Han inneheld ca. 8 mg vitamin C, 7,1 g karbohydratar, 116 mg kalium og 135 kJ tilført energi per 100 g etande vare.

Kjelder

endre

«Vannmelon» (23. januar 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 21. mars 2015.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Vassmelon