[go: up one dir, main page]

Tettstader i Agder

Wikimedia-listeartikkel

Tettstader i Agder gjev eit oversyn over tettstader i Agder fylke. Statistisk sentralbyrå sin definisjon på ein tettstad er ein stad med over 200 busette, der avstanden mellom husa ikkje er meir enn 50 meter. Sjå artikkelen tettstad for nærare informasjon om tettstadsomgrepet.

Per 2023 var det 53 tettstader i fylket.[1] Fylket hadde ei total folkemengd på 316 051 personar per 1. januar 2023. Totalt var 252 839 personar registrert på ein tettstad, dermed budde 20 % av folkesetnaden utanfor ein tettstad. Ca. 50 % av folkesetnaden budde i ein av dei fem største tettstadene i 2023.

Bykle i Bykle kommune var ute av lista i 2021 og 2022, men er tilbake igjen i 2023. Døme på stader som tidlegare var lista som tettstader, men som er ute av lista per 2023 inkluderer Ausvika i Kristiansand kommune, Byremo i Lyngdal kommune og Ubergsmoen i Vegårshei kommune.

Tre kommunar har ingen stader som oppfyller Statistisk sentralbyrå sin definisjon på tettstad, dette er Iveland, Valle og Åseral kommune.

Tettstadene i Agder etter folketal

endre
 
Frå hamna i Farsund
 
Frå hamna i Flekkefjord
 
Frå Kristiansand
Foto: Tomasz Sienicki
 
Liknes sentrum
Foto: Terje Viken
 
Hamna i Mandal
Foto: Philip Gabrielsen
 
Frå Høllen
 
Utsikt over Arendal sentrum.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
 
Storgata i Grimstad.
 
Frå Risør.
 
Åmfoss bru i Åmli sentrum.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
 
Byglandsfjord
 
Frå Tvedestrand
Tettstadnr Tettstad Folketal Areal km² Kommunar Status[2]
4002 Kristiansand 66 576 25,12 Kristiansand kommune By
3511 Arendal 44 856 31,78 Arendal kommune, Grimstad kommune By
4009 Korsvik 19 405 8,03 Kristiansand kommune
3523 Grimstad 14 390 10,7 Grimstad kommune By
4042 Vennesla 13 803 7,39 Vennesla kommune, Kristiansand kommune
4011 Mandal 11 330 7,03 Lindesnes kommune By
4061 Søgne 10 925 6,44 Kristiansand kommune
3571 Lillesand 8 266 5,19 Lillesand kommune By
4031 Flekkefjord 6 204 3,6 Flekkefjord kommune By
4091 Lyngdal 5 558 4,77 Lyngdal kommune By
4055 Nodeland-Brennåsen 4 625 3,53 Kristiansand kommune
3501 Risør 4 610 3,07 Risør kommune By
4001 Skålevik 3 637 2,18 Kristiansand kommune
4021 Farsund 3 472 3,05 Farsund kommune By
3551 Blakstad 3 350 2,78 Froland kommune
3581 Birkeland 3 007 2,08 Birkenes kommune
3603 Evje 2 757 3,65 Evje og Hornnes kommune
3531 Tvedestrand 2 726 2,27 Tvedestrand kommune By
4102 Liknes 2 491 2,13 Kvinesdal kommune
4022 Vanse 2 059 1,95 Farsund kommune
4082 Vigeland 1 637 1,18 Lindesnes kommune
4007 Tveit 1 613 1,15 Kristiansand kommune
4023 Vestbygda 1 139 0,93 Farsund kommune
4111 Tonstad 880 1,27 Sirdal kommune
3661 Myra 857 1,06 Vegårshei kommune
3561 Rykene 769 0,82 Arendal kommune, Grimstad kommune
4081 Høllen 730 0,81 Lindesnes kommune
3524 Jortveit 683 0,63 Grimstad kommune
3591 Åmli 680 0,84 Åmli kommune
3541 Kilsund 675 1,02 Arendal kommune
3652 Eikeland 651 0,88 Gjerstad kommune
4013 Sånum 644 0,47 Lindesnes kommune
4012 Krossen 624 0,48 Lindesnes kommune
4041 Skarpengland 597 0,41 Vennesla kommune
4032 Sira 589 0,65 Flekkefjord kommune
4052 Volleberg 572 0,3 Kristiansand kommune
4101 Feda 444 0,53 Kvinesdal kommune
4043 Slettebrotane 439 0,26 Vennesla kommune
3641 Hovden 414 0,65 Bykle kommune
4083 Svennevik 377 0,35 Lindesnes kommune
4071 Øyslebø 361 0,39 Lindesnes kommune
4044 Hægeland 354 0,38 Vennesla kommune
3572 Høvåg 335 0,32 Lillesand kommune
3612 Byglandsfjord 329 0,47 Bygland kommune
4093 Svenevik 325 0,3 Lyngdal kommune
3651 Gjerstad 289 0,4 Gjerstad kommune
4092 Skomrak 276 0,18 Lyngdal kommune
3532 Nesgrenda 275 0,29 Tvedestrand kommune
4103 Øye 269 0,85 Kvinesdal kommune
3512 Longum 259 0,19 Arendal kommune
3642 Bykle 242 0,47 Bykle kommune
4121 Skeie 235 0,36 Hægebostad kommune
4015 Farestad 229 0,2 Lindesnes kommune

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. SSB, Folkemengde og areal i tettsteder 1. januar, 2023. Tabell 1
  2. Bystatus i Noreg har ingen offisiell funksjon, sjå artikkelen Byar i Noreg.