[go: up one dir, main page]

Taugevatn (òg kalla Tågavatn) er eit vatn på sørsida av ein nedlagd del av Bergensbanen i Ulvik kommune. Det ligg på 1 294 moh. og jarnbanestrekninga hadde det høgaste punktet sitt her, 1 301 meter over havet før Finsetunnelen vart bygd. Etter bygginga av Finsetunnelen ligg Bergensbanens høgaste punkt inne i denne, 1 237 meter over havet.

Taugevatn
innsjø
Land  Noreg
Kart
Taugevatn
60°37′30″N 7°21′13″E / 60.62492889°N 7.35365194°E / 60.62492889; 7.35365194

Taugevatn har avløp via Ustekveikvatnet til Ustevatn i Hol kommune gjennom elva Ustekveikja.