Svein Rosseland
Svein Rosseland (31. mars 1894–19. januar 1985) frå Kvam i Hardanger, var ein norsk astrofysikar og professor ved Universitetet i Oslo.
Svein Rosseland | |||
Svein Rosseland, ca. 1935 | |||
Fødd | 31. mars 1894 Kvam herad | ||
---|---|---|---|
Død | 19. januar 1985 Bærum kommune | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | astrofysikk | ||
Yrke | astronom, astrofysikar, professor, universitetslærar | ||
Institusjonar | Norges Tekniske Vitenskapsakademi Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Doktorgradsrettleiar | Vilhelm Bjerknes | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Kungliga Vetenskapsakademien |
Rosseland la sterk vekt på internasjonalt forskingssamarbeid og var norsk representant i NORDITA og til CERNs råd.[1]
Prisar og utmerkingar
endreI 1957 vart Rosseland utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden. Asteroiden 1646 Rosseland og månekrateret Rosseland er oppkalla etter han, og Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo ber namnet hans. Ei byste av han er reist ved Steinsdalsfossen, like ved heimstaden hans, Rosseland i Steinsdalen, om lag to kilometer frå Norheimsund.
Kjelder
endre- ↑ «4th Session of Council, 19 - 20 Dec 1955 :Minutes». CERN/0164/Rev. (på engelsk). 1955. Henta 25. september 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Svein Rosseland» frå Wikipedia på bokmål, den 22. november 2006.