[go: up one dir, main page]

Storskrymten er eit fjell på 1 985 meter i Lesja, Sunndal og Oppdal kommunar. Grensa mellom tre fylke møtest her; Innlandet, Møre og Romsdal og Trøndelag. Fjellet er det høgaste i Sør-Trøndelag. Fjellet er det 206. høgaste i landet av fjella med primærfaktor på minst 50 meter.

Storskrymten
fjell
Land  Noreg
Område Oppdal (Trøndelag);
Sunndal (Møre og Romsdal);
Lesja (Innlandet)
Fjellområde Dovrefjell
Høgd 1 985 moh.
Primærfaktor 610 m
Koordinatar 62°22′29.07″N 9°3′33.45″E / 62.3747417°N 9.0592917°E / 62.3747417; 9.0592917
Kart
Storskrymten
62°22′29″N 9°03′33″E / 62.374722222222°N 9.0591666666667°E / 62.374722222222; 9.0591666666667
Wikimedia Commons: Storskrymten

Fjellet er namngjete i lokal folketru, og skal ha vore bustad for «skrymt», det vil seia troll og haugfolk. Viktige, gamle ferdselsvegar mellom Møre og Lesja kryssar over ved foten av Storskrymten.