[go: up one dir, main page]

Sosialistisk Valforbund

Sosialistisk Valforbund var ein allianse av sosialistarvenstresida i norsk politikk i åra 1973-1975. Alliansen blei inngått av fire partar: Sosialistisk Folkeparti, Demokratiske Sosialistar (AIK), Norges Kommunistiske Parti og partilause venstreorienterte. DS var eit framhald av delar av "Arbeiderbevegelsens Informasjonskomite mot norsk medlemskap i EF", dei organiserte EF/EU-motstandarane i Arbeidarpartiet. Desse fire gruppene hadde stått saman i syn og argumentasjonsmåte i kampen mot norsk medlemskap i EF før folkerøystinga i 1972, og etter sigeren for nei-folket følte dei at det var naturleg å gå saman i eit samla alternativ ved stortingsvalet i 1973.

Sosialistisk Valforbund viste seg å vere ein stor suksess. Over 11 prosent av stemmene og 16 representantar på Stortinget, det beste resultatet for noko parti til venstre for Arbeidarpartiet sidan brakvalet for NKP i 1945.

Valforbundet hadde gått til val på eit konkret program på 33 punkt alle partane var samde om. Etter valet ville dei fleste gå vidare i samlingsprosessen, og skipe eitt felles parti. Da var det nødvendig å avklare fleire prinsipielle spørsmål, og da viste det seg store motsetningar, særleg mellom dei fleste SFarane på den eine sida og dei fleste NKParane på den andre.

Samlingsprosessen gjekk likevel vidare, og enda med at Sosialistisk Venstreparti blei skipa i 1975. Dei enkelte partane fekk frist ut året 1976 med å avvikle eigne organisasjonar. Det viste seg da at fleirtalet i NKP ikkje gjekk med i SV, men valde å oppretthalde sitt eige parti. Dette trass i at leiaren, Reidar T. Larsen, gjekk over til det nye samlingspartiet.

Såleis kan ein seie at Sosialistisk Venstreparti i stor grad er eit framhald av Sosialistisk Valforbund, men utan dei fleste kommunistane.

Dei aller fleste medlemmene i partiet SV kom frå SF, Arbeidarpartiet, eller var nye i politikken.