[go: up one dir, main page]

Solsikkeolje er ei olje ein får gjennom å pressa frøa av solsikke. Olja har nøytral lukt og smak.[1] Ho er ei av dei vanlegaste formene av matolje, men ho blir òg nytta i kosmetikk, som smørjeolje og som brensel.

Eit glas solsikkeolje og ei solsikke.

Solsikkeolje inneheld vesentleg linolinsyre i triglyserid form. British Pharmacopoeia lister opp følgjande profil:[2]

Produksjon

endre
Solsikkeoljeproduksjon i 2018
Land (millionar tonn)
  Ukraina 5,1
  Russland 4,6
  Argentina 1,3
  Tyrkia 1,0
  Ungarn 0,7
Totalt 18,4
Kjelde: FAOSTAT ved SN[3]
 
Ulike typar solsikkeolje til sals i ein butikk i Kyiv i Ukraina i august 2021.

I 2018 blei det produsert 18 millionar tonn solsikkeolje i verda. Dei største produsentlanda var Ukraina og Russland, som til saman stod for 53 % av den totale produksjonen.[3]

I matlaging

endre

Raffinert solsikkeolje kan brukast til matlaging ved låg og særs høg temperatur. Uraffinert olje blir brukt som salatdressing i austeuropeisk mattradisjon.[4] Olja kan òg brukast til å laga solsikkesmør.

Ved frityrsteiking av til dømes chips eller pommes frites, kan ein nytta solsikkeolje.[5][6]

Hagebruk

endre

I EU og Storbritannia har ein spraya solsikkeolje på tomatavlingar for å verna mot mjøldogg frå Oidium neolycopersici.[7] Til denne bruken kan ho brukast både på økologiske og konvensjonelle gardsbruk.[8]

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. «Sunflower oil fatty acid profile» (PDF). National Sunflower Association. 2018. Henta 19. november 2018. 
  2. British Pharmacopoeia Commission. «Ph Eur monograph 1371». British Pharmacopoeia 2005. Norwich, England: The Stationery Office. ISBN 0-11-322682-9. 
  3. 3,0 3,1 «Sunflower oil production, 2018; Crops/Regions/World list/Production Quantity; unofficial data (pick lists)». UN Food and Agriculture Organization, Corporate Statistical Database (FAOSTAT). 2020. Henta 7. april 2021. 
  4. Peter Vatrooshkin (2012). Easier Than a Steamed Turnip: Simple and Delicious Meatless Russian Recipes. Plutagora LLC. s. 21–22, 26–28, 30. ISBN 9781938407017. 
  5. «How we make Lays Classic potato chips». Frito-Lay North America, Inc. 2017. Henta 16. februar 2017. 
  6. «The best chips you have ever tasted». BBC Food Recipes. 2017. Henta 16. februar 2017. 
  7. Sharp, Dr Russell (22. november 2021). «Basic Substances; what are they and how can they used for pest and disease control on farms?». Eutrema (på engelsk). Arkivert frå originalen 23. november 2021. Henta 6. desember 2021. 
  8. European Commission. «Finalised in the Standing Committee on Plants, Animals, Food and Feed at its meeting on 7 October 2016 in view of the approval of sunflower oil as basic substance in accordance with Regulation (EC) No 1107/2009 Sunflowerseed oil (sunflower oil) is derived from sunflower seeds (seeds of Helianthus annuus L.)» (PDF). 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Solsikkeolje