[go: up one dir, main page]

Sigfred

mannsnamn

Sigfred er eit norsk mannsnamn av norrønt eller gammalhøgtysk opphav. Det er danna av norrøne sigr eller gamalhøgtyske sigu, som betyr 'siger', og norrøne friðr, 'kjærleik, fred' eller 'vern', eller gamalhøgtysk fridu, 'fred'.

Sigfrøðr og varianten Sigrøðr er norrøne former av namnet, medan Sighrødh er ei gammalsvensk form. Sigfried er ei tysk form av namnet, medan Sigfrid, som på norsk hovudsakleg er eit kvinnenamn, er former brukte på mellom anna svensk og tysk.

Sigfred har norsk namnedag den 15. februar.

I 2009 var det 306 norske menn som heitte Sigfred.

Kjende namneberarar

endre

Kjelder

endre