Sava Bohinjka
Sava Bohinjka er ei av kjeldeelvane til Sava nordvest i Slovenia.
Sava Bohinjka | |||
elv | |||
Savicafossen
| |||
Land | Slovenia | ||
---|---|---|---|
Lengd | 31 km | ||
Kjelde | Dei juliske Alpane | ||
• høgd | 805 moh. | ||
Munning | Sava | ||
Sava Bohinjka 46°21′N 14°09′E / 46.35°N 14.15°E | |||
Wikimedia Commons: Sava Bohinjka |
Ho er 31 km lnag og er den kortaste av to kjeldeelvar som renn saman og dannar Savar i Radovljica. Den andre er den 45 km lange Sava Dolinka. Sava Bohinjka spring ut nedanfor Komarčaryggen i ei høgd på 805 meter over havet, frå kjelder i Triglavvassdalen. Fram til ho når Bohinjsjøen vert elva kalla Savica ('vesle Sava') og her finst den 60 meter høge Savicafossen.[1] Ho renn så gjennom Ukanckløfta, der Savica kraftverk er bygd med ein kapasitet på 3 MW. Ho renn frå Bohinjsjøen som Sava Bohinjka gjennom Bohinjska Bistrica, Bohinjska Bela og nær Bledsjøen, før ho møter Sava Dolinka nær Radovljica.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sava Bohinjka» frå Wikipedia på engelsk, den 20. april 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Baedeker, Karl (1879) «Terglou: The Valley of the Wocheiner Save» The Eastern Alps: Including the Bavarian Highlands, the Tyrol, Salzkammergut, Styria og Carinthia (4th ed.) Dulau og Co., London, s. 353, OCLC 4018143