[go: up one dir, main page]

Ringane til Saturn

(Omdirigert frå Saturnringane)

Ringane til Saturn er ei rekkje planetringar, sett saman av hovudsakleg is og støv, som omkransar planeten Saturn.

Ringane til Saturn sett av Cassini-sonden der sola er rett bak Saturn. Fargekontrasten har blitt auka for å framheva detaljar.
Ringane til Saturn; hovudringane er namnsett

Den første kjende observasjonen av ringane blei gjort av Galileo Galilei i 1610, men det svake teleskopet han brukte gjorde at han såvidt kunne sjå dei, og trudde dei var to månar på kvar side av planeten. Christiaan Huygens var i 1655 den første som meinte at det kunne gå ein ring rundt Saturn.

Liste

endre

Dette er ei liste over dei namnsette ringane til Saturn, og mellomromma mellom dei.

Namn Avstand frå Saturns
senter (km)
Breidd (km) Namngitt etter
D-ringen 67 000 - 74 500 7 500
C-ringen 74 500 - 92 000 17 500
Columbogapet 77 800 100
Maxwellgapet 87 500 270 James Clerk Maxwell
B-ringen 92 000 - 117 500 25 500
Cassinigapet 117 500 - 122 200 4 700 Giovanni Cassini
Huygensgapet 117 680 285-440 Christiaan Huygens
A-ringen 122 200 - 136 800 14 600
Enckegapet 133 570 325 Johann Encke
Keelergapet 136 530 35 James Keeler
F-ringen 140 210 30-500
G-ringen 165 800 - 173 800 8 000
E-ringen 180 000 - 480 000 300 000

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre