Rubbestadneset
Rubbestadneset er ein tettstad i Bømlo kommune i Vestland. Staden ligg på nordaustsida av øya Bømlo. Tettstaden har 1 307 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Rubbestadneset | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bømlo | ||
Areal | 1,25 km² | ||
Folketal | 1 307 (2023) | ||
Folketettleik | 1 046 / km² | ||
Postnummer | 5420 RUBBESTADNESET | ||
Rubbestadneset 59°49′00″N 5°16′00″E / 59.81666667°N 5.26666667°E |
Rubbestadneset har grunnskule, vidaregåande skule, nærbutikk, hotell, bedehus, hurtigbåtstopp, frisørsalong og idrettshall med fotballbane. Rubbestadneset skulekorps vart stifta i i 1958.
Industri
endreBygda vaks fram rundt Wichmann Motorfabrikk som produserte båtmotorar frå 1903 til 1978. Då selskapet gjekk konkurs, vart det innlemma i finske Wärtsilä Norway AS, som i dag produserer propellar, gir og framdriftssystem, samt vedlikehald på Wichmannmotorar.
Den gamle smia der ein starta produksjonen av motorar står framleis i sentrum, og er i dag nytta som museum og utstillingslokale.
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.